TAKK!

Tusen takk til dykk som gjorde 75 års feiringa vår så fin!

Laurdag 23.10 var det som kjent jubileumsfeiring her i Skånevik idrettslag. Me vil med dette takka for all merksemd og gåver i anledning jubileet, og takk til dykk som møtte opp både på dagen og på kvelden laurdag! På jubileumsfesten hadde Finn Ove Solberg og elevane hans frå Ølen Vidaregåande skule laga eit flott koltbord til gjestene, takk skal de ha. Svein Sævereid og Knut Ness vart æra for deira engasjement i idrettslaget, to personar som verkeleg har stått på for Skånevik idrettslag og difor fortjener tittelen æresmedlem.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift