2. plass til jenter 14 i Regy Cup

Haugar inviterte til Regy Cup for 29. gong 29. og 30. september. Over 70 lag var påmeldt. Dei fleste laga kom frå Rogaland og Hordaland.

Skjoldarjentene møtte først Stegaberg, dernest Vestsiden/Apollo for å avslutte dagen med seier over Minde.   Søndag var motstandar Bønes 1.  Etter ein spelemessig jevn og krevjande kamp vant Skjoldar 2-0.  Finalen mot Fyllingen vart avvikla i sidelengs regn.  Skjoldar hadde kun ein innbyttar med seg og med skade vart det ein krevande kamp for dei 11 som spela heile kampen.  Fyllingen vann til slutt A finalen med 3-1.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift