Seier for J16

Jenter 16 vant mot Stegaberg i første seriekamp

Første seriekamp mot Stegaberg

Til tross for mykje påskefri, konfirmasjonar, prøvar på skulen og mykje anna, så starta kampen bra. Men litt for lite trening på enkelte og litt lite samhandlingstrening kan slå ut. Men jentene stod på og prøvde å spela det spelet me har øvd på. Spissar som skal ta bueløp ut på kantane når midtbanen eller bekkane har ballen. Me laga nokre svært flotte mål etter fine angrep og flotte avslutningar. Mange fekk spela mykje og der var mykje bra. Sjølv om motstanden nok ikkje var eit av topplaga.

 Litt slurvefeil her og der må me tåla, når me får så mykje bra som me fekk. Viktig å ikkje legga lista alt for høgt. God stemning var der også. Men det var nok dei flotte angrepa som resulterte i mål og sjangsar me kjem til å huska best. Nå er det viktig at alle får trent godt så kan dette bli «kjempekjekt». Som jo er det viktigasteJ

 Takk til alle som bidrag i og rundt laget og jentene!

 Helsing an`Frank

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift