1. plass i Nordfjordcup 2015!

Flott sesongavslutning for jentene på Nordfjordcup.

Flott sesongavslutning for jentene på Nordfjordcup.

Helga 24.-26. april dro 18 av 22 jenter til Stryn for å delta i Nordfjordcup. Dei aller fleste hadde med seg ein forelder  eller to, så heiagjengen var sikra. I tillegg var J16 der. Vi  rakk ein liten svipp innom hyttene våre på Strynevatnet  camping før Aksla 1 og 2 skulle spele kampar fredagskveld. 

Fredag rakk vi ikkje så mykje meir, skulle tidleg opp å spele laurdagsmorgon. Mange timar i Strynehallen, mange sigrar og gruppespelet vart ferdig. Aksla 1 vann alle sine 4 kampar medan  Aksla 2 endte på 3. plass i si pulje og skulle spele om 9. plass søndagsmorgon. Totalt var der 18 lag i J12-klassa. Etter speling laurdag var mange av jentene i symjehallen. Taco-eting, disco og sosialisering i hyttebyen for både store og små seinare på kveld. 

Søndag morgon spelte som nemnt Aksla 2 om 9. plassen og vann den. Aksla 1 vann si kvartfinale mot Skodje, 6-1. I semifinala skulle vi møte Midsund, eit lag som hadde overbevist tidlegare. Det vart ein dramatisk kamp som inneheldt mykje! Begge lag måtte bla spele 4 mot 6, ei sjeldan øving i J12. Etter endt signal sto det 4-4 og då var regel sudden death; første mål vinn. Vi vann ballen (etter stein, saks, papir) og scora på vårt første angrep; FINALE! 

Gossen vart motstandar i finala, eit lag som vi slo i gruppespelet. Finala vart aldri spennande, tett forsvarspel, godt keeperspel og nokre mål framover gjorde at vi leda 6-0 når det sto att 5 min. Då var jentene gått litt over i feiringsmodus og slapp inn 3 mål på slutten av kampen. 6-3 i finala og VI HADDE VUNNE NORDFJORDCUP. Stor og lang jubel

Image

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift