Referat frå årsmøtet

Årsmøtet vert holdt 11. februar i Borgja.

Årsmøte i Jølster Idrettslag 2015

Referat frå årsmøtet 11. februar 2016

 

Sak 1 Godkjenne dei som har stemmerett

Dei frammøtte vert registrert opp mot medlemsregisteret. Alle frammøtte over 15 år som

har betalt medlemsskap og vore medlem i over ein månad, har stemmerett ved Årsmøtet, jf.

Lov for Jølster Idrettslag §5

 

Tal stemmer: 20

Tal møtt: 22

 

Årsmøtet godkjenner dei som har stemmerett

 

Sak 2 Godkjenne innkalling, sakliste og møtereglar

Første innkalling var offentleggjort i Firda,  med påminning siste veka før møtet. Informasjon har og vore lagt ut på Idrettslaget si nettside og på nettsida til Jølster Kommune.

Sakliste og sakspapir har vore offentleggjort ei veke før på nettsida.

 

Godkjend av årsmøtet

 

Sak 3 Velje dirigent, sekretær og to representantar til å skrive under protokollen

Forslag frå hovudstyret

Ordstyrar: Finn Årdal

Referent: Ingrid Borch-Åmot

 

Årsmøtet foreslår to protokollunderskrivarar.

Signatur av protokoll: Johnny Solheimsnes og Kari Anne Årseth

 

Godkjend av årsmøte

 

Sak 4 Handsame idrettslaget si årsmelding, irekna gruppeårsmeldingar

Årsmelding for hovudstyret og grupper vert presentert på årsmøtet.

Det er levert årsmeldingar frå alle gruppene.

Leiar for idrettslaget presenterer årsmelding frå hovudstyret,  gruppeleiar eller frammøtte frå dei ulike gruppene presenterer årsmeldingane for gruppene. Det er ikkje møtt nokon frå Spinninggruppa, og denne vert ikkje lest opp.

 

Årsmeldingane er godkjend av årsmøte

 

Sak 5 Handsame idrettslaget sin rekneskap

Rekneskap vert presentert på årsmøtet av kasserar Ottar Hugøy.

Lager går i overskot i år på grunn av idrettstilskot som gjeld for både 2014 og 2015.

Årsmøtet finn reknefeil og det har ikkje vore tid for revisorane å godkjenne rekneskapet. Ein føreslår å godkjenne rekneskapet på neste årsmøte.

 

Rekneskap vert ikkje godkjend av årsmøtet. Godkjenning vert utsett til årsmøte for 2016, evt. ekstraordinært årsmøte.

 

Sak 6 Handsame innkomne forslag og saker

Sak 6.1

Søknad om støtte til ny trakkemaskin til lysløypa i Årdalen. Kostnad på trakkemaskina ligg rundt kr 600 000,-.   Maskina blir finansiert med midlar frå Skiforbundet og arbeidsgruppa har gjort eit stor jobb med å søkje midlar frå private.

Hovudstyret støtter dette kjøpet og viser til at dette bidrar til å  auke langrennsaktiviteten i Jølster. Sett i eit folkehelseperspektiv vil dette bidra til å gjere løypene i Årdalen betre tilgjengelege  for at folk i alle aldrar kan glede seg i skispora.

Hovudstyret  føreslår å betale støtte til trakkemaskina på kr 20 000,-

Leiar for idrettslaget presenterer søknaden for årsmøtet.

 

Godkjend av årsmøtet

 

Sak 6.2

Jølster løypelag søkjer om driftstønad på kr 25 000,-.

Hovudstyret  føreslår å støtte løypelaget med kr 25 000,-. Og ynskjer med dette å bidra til å halde løypene opne heile vinteren.

Leiar for idrettslaget presenterer søknaden for årsmøtet. De har vore vedtatt på tidligare årsmøtet at løypelaget skal få 75 000 kroner til saman, fordelt over tre år. Dette er no utbetalt. Hovudstyret ynskjer likevel å støtte løypelaget også i år.

 

Godkjend av årsmøtet

 

Sak 6.3

Etablering av vektløftarklubb på Vassenden. Der er i dag 18 aktive i vektløfting i dag.

Leiar Evald Sandvik

Hovudstyret føreslår å opprette vektløftargruppe

Anna Cecilie Midtun frå handballgruppa fortell litt om miljøet og arbeidet som har vore gjort for å starte ein vektløftargruppe.

Det er stort oppmøte på treningar,  og fleire skal på dommarkurs i mars. EM i Førde. Det er godt miljø elles i Sunnfjord. Ein har utøvarar på VM-nivå i kvinneklassen frå Jølster.

Innspel frå årsmøtet: Dette vil vere eit positivt innslag i idrettslaget.

 

Godkjend av årsmøtet

 

Sak 6.4

Rehabilitering av Skei Stadion.  Jølster idrettslag har som mål å oppgradere Skei stadion til ein moderne friidrettsstadion. Arbeidsgruppa i friidrettsgruppa ved Halvard Klakegg og Jan Sunde har utarbeid kostnadskalkyle og finansieringsplan på anlegget.

Jølster idrettslag med friidrettsgruppa hadde i desember 2015 møte med Jølster Kommune angåande saka, der det blei avtalt å komme med søknad i januar 2016. Denne blei sendt til Jølster kommune medio januar 2016.

Hovudstyret føreslår å bidra med kr 100 000,- til anlegget.

Årsmøte fekk presentert prosjektet av Jan Sunde i pausen.

 

Godkjend av årsmøtet

 

Sak 6.5 Lovendring

Viktig informasjon frå Noregs idrettsforbund til alle idrettslag

På Idrettstinget i juni 2015 blei det fatta vedtak som får betydning for alle idrettslag i NIF. Det er mellom anna bestemt at fleire rapporterings- og søknadsfristar for idrettslaga skal samlast, slik at idrettslaga har færre fristar å halde seg til. Dette vil gjere drifta av idrettslaga enklare, og vil innebere at det i 2016 blir nokon nye fristar.

 

Dei tre viktigaste endringane er:

1: Årsmøtet må haldast innan 31. Mars

2: Rapportering av medlemsopplysningar innan 30. April

3: Elektronisk medlemsregister innan 31. Desember 2016

 

Hovudstyret foreslår endring i Idrettslagets lov §§ 3 og 10.

 

§ 3 Medlemer

Alle som aksepterer idrettslaget og overordna idrettsorgan sine lover og vedtekter kan bli tatt opp som medlem.

Dessutan må alle som er medlem følgje lovene til NIF, andre organisasjonsledd og idrettslaget sine eigne lover og vedtekter.

Ein søkjar kan ikkje bli medlem utan at økonomiske plikter til andre organisasjonsledd i NIF er gjort opp.

Medlemskap i laget er først gyldig og vert rekna frå den dag første kontingent er betalt.

Alle idrettslag plikter å føre elektroniske medlemslister i idretten sitt nasjonale medlemsregister i tråd med retningslinjer gitt av Idrettsstyret.

Idrettslaget pliktar å føre ein elektronisk medlemsliste i eit datasystem godkjent av NIF.

 

§ 10 Årsmøtet

Idrettslaget sitt øvste organ er årsmøtet som vert halde kvart år innan 31. Mars.

Styret kallar inn til årsmøte minst ein månad på førehand,  direkte til medlemene og/eller ved kunngjering i pressa, eventuelt på idrettslaget si internettside. Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast 2 veker før årsmøtet. Fullstendig sakliste og andre nødvendige saksdokument med forslag må vere tilgjengeleg for medlemene seinast ei veke før årsmøtet.

Alle medlemene i idrettslaget har tilgjenge til årsmøtet. Årsmøtet kan invitere andre personar og/eller media til å vere til stades, eventuelt vedta at årsmøtet berre er ope for medlemer.

Lovleg innkalla årsmøte er vedtaksført dersom det møter eit tal medlemer som minst svarar til talet på styremedlemmer. Dersom årsmøtet ikkje er vedtaksført, kan det innkallast til årsmøte på nytt utan krav om minimumsdeltaking.

På årsmøtet kan det ikkje handsamast forslag om lovendring som ikkje er oppført på  utsend/kunngjord sakliste. Andre saker kan handsamast når 2/3 av dei med stemmerett på årsmøtet vedtek det, ved godkjenning av saklista.

 

Godkjend av årsmøtet

 

Pause med lett servering.

Presentasjon frå Jan Sunde – Nye Skei Stadion

 

Bragdstatuett

Johnny Solheimsnes presenterer vinnar av Bragdstatuett

Eivind Øygard, friidrett

 

Honnør til fjelltrimgrupa

Hovudlaget ynskjer å heidre fjelltrimgruppa for deira gode innsats for folkehelsa i Jølster.

Tordis Hegrenes tek i mot blomster på vegne av gruppa.

 

Sak 7 Fastsetje medlemskontingent

Medlemskontingenten er ei viktig inntekt for idrettslaget, og kjem gruppene til gode gjennom fordeling av midlar frå hovudlaget. Ved førre årsmøtet var medlemskontingenten uendra.

Hovudstyret har i år gjort endringar i medlemskontingent grunna endringar i medlemsregistreringa og innbetalingar, noko som vil gje høgre kostnader. Kontingent aukar med ca. 6 %.

Endringar:

Born under 10: frå 65 til 70

Born under 18/ alderspensjonistar: frå 130 til 140

Vaksne: frå 260 til 280

Familie: frå 520 til 550

 

Godkjend av årsmøtet

 

Sak 8 Vedta Idrettslaget sitt budsjett

Budsjett vert presentert på årsmøtet

Feil på Aktivitetstilskot 93 000, ikkje 133 000. Inntekter vert 649 000.

Vektløftargruppa er foreløpig ikkje med i budsjettet.

 

Godkjend av årsmøte

 

Sak 9 Handsame idrettslaget sin organisasjonsplan

Organisasjonsplan vert presentert på årsmøtet av Johnny Solheimsnes

Organisasjonsplan vert revidert, og lagt på nettsida

 

Sak 10 Val

Kandidatar vert presentert på årsmøtet

Johnny Solheimsnes representerer valnemnda

 

Val av hovudstyret

Leiar er på val (Laila Tefre)

Tre medlemmar er på val (Stig Tveit, Siw Falkenstein og Marianne Slåtten)

To medlemmar er ikkje på val (Ottar Hugøy, Ingrid Borch-Åmot)

Laila Tefre vert vald til leiar av hovudstyret for eit år

Styremedlemar:

Stig Tveit – to år

Iselin Sunde – to år

Siw Hestad – to år

 

Revisorar vert vald for to nye år

 

Ny valnemnd: friidrett, langrenn og handball

 

Nytt styre er godkjend av årsmøtet

 

Sak 11 Eventuelt

Finn Årdal ytrar ynskje om at ein organiserer basistrening på tvers av gruppene.

Det kjem fleire forslag om korleis ein kan gjennomføre dette, mellom anna:

- Opprette eige gruppe for basistrening av barn

- Hinderløypa i Bjørkelia vil vere eit godt anlegg for basistrening

- Gruppene må samarbeide om å få satt av/ bestille treningstid

- Foredrag for trenarar om belastningsskadar, frå fysioterapeut el.

- Mogleg med å ha trenarar på tvers av gruppene

 

Styret vil ta dette forslaget til etterretning, og arbeide vidare med det i 2016

 

Det vert fremma forslag om felles førstehjelpskurs for gruppene

Det vert føreslått å ha ein felles samling eller eit kurs for trenarar, gruppeleiarar, andre ansvarspersonar

Det vert poengtert at førstehjelpsutstyr må vere tilgjengelig både på treningar og stevner.

Forslag om kven som kan holde kurs:

Jølster Røde Kors eller Idrettskrinsen

Leiar for idrettslaget fortell at dette går inn under krisehandteringsplan/ kriseteam

 

Styret vil ta dette forslaget til etterretning, og arbeide vidare med det i 2016

 

Politiattestar

Ved søknad må det vere eit vedlegg som grunngir søknaden, styret kan formulere eit standardskriv som kan vere vedlegg

 

Styret vil ta dette forslaget til etterretning, og arbeide vidare med det i 2016

 

Årsmøtet vert avslutta om lag 22:10

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift