Løpskarusellen 2016

Den årvisse løpskarusellen har vore eit av dei mest populære arrangementa i Jølster.  Nærmare 200 born og unge har delteke siste åra.  Det er no klart for årets karusell.  Nytt av året er at vi har flytta frå Langhaugane til gamle Heimeyrkeskulen (MoJo) på Vassenden.  Som i fjor vert løpet på Skei ved Skei Skule.  

 

Noko anna som er nytt er at deltakarane får medalje med det same dei kjem til mål, slik at det ikkje vert premiering for alle løpa på siste runde. Om du deltek på alle løpa kan du til saman vinne 3 medaljar! 

 

Her er meir informasjon:

1. runde måndag 11.april kl.18:00 Heimeyrkeskulen.

2. runde måndag 18.april kl. 18:00 Skei Skule.

3. runde laurdag 23.april  kl. 14:00 Førs.

 

Startpengar kr. 40,-.   Påmelding ½ time før start.

 

For spørsmål ta kontakt med Johnny Solheimsnes (97054371)

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift