C-kurs

Del 3, 6. og 7. september

Til trenarar i Sogndal Fotball

 

Velkommen til delkurs 3 C-lisens tysdag 6. september og onsdag 7. september.  

Sogndal fotball ynskjer at alle trenarar og lagleiarar på alle nivå er skulerte for ferdigheitsutvikling i fotball. Dette vil gi dykk tryggleik i høve utøvinga av treningsarbeidet, men også påfyll til personleg utvikling. I tillegg til fagleg påfyll, ynskjer vi at dette skal vere ein sosial arena for utvikling av samhaldet i klubben og det å lære av kvarandre.   

Kurset er eit lågterskelkurs – alle kan, og bør, ta kurset. Målet er at det skal gi auka kompetanse og motivasjon. 

Klubben arbeider mot å bli kvalitetsklubb, og ønskjer at alle trenerane kursar seg.   

C-kurset består av fire delkurs. Kursa treng ikkje bli tatt i rekkjefølgje, ein kan altså ta til dømes del 3 kurset før del 2 kurset. Kurset er i regi av NFF Sogn og Fjordane (fotballkrinsen) og instruktør vil vera Joar Fossøy. 

 

Kurset vil bli lagt til ettermiddagane på tysdag 6. og onsdag 7. september der det både er ein teoretisk del og ein praktisk del. Kjem tilbake med meir informasjon om eksakte tidspunkt og opplegg. 

 

Påmelding innan måndag 5. september på mail til utdanningskontakt Andrea Strand Solbakken, utdanningskontakt@sogndalfotball.no .

Skriv namn og korleis årskull du trenar J/G.