Årsmelding frå fotballgruppa

Her finn du årsmeldingane frå fotballgruppa.

                        Årsmelding fotballgruppa 2016

Styresamansetning: Jarl Helle, leiar, Solveig Berg Lofnes, nestleiar, Andre Årdal, Nils Bjarte Førde.

 

Sportsleg

Talet på aktive fotballspelarar er stabil. Rundt 350 personar spelar  organisert fotball. I seniorfotballen er det nedgang, men vi har mange spelarar og svært god aktivitet i aldersfastlagde klassar.

Herrelaget som spelar i 5. divisjon fekk ein betre sesong enn i 2015. Laget kom på fjerdeplass i si avdeling og sikra seg dermed spel i den nye fylkesdekkande femtedivisjonen i 2017. Det vert ein kvalitativt betre serie med fleire lag og tøffare motstand. Det ser ein fram til.

Damelaget stilte også i 2016 med sjuarlag i 4. divisjon, og tok ein andreplass i si avdeling.

I 2015 hadde ikkje Jølster andrelag for første gang på mange år. Før sesongen 2016 vart det gjort avtale om eit samarbeidslag med Breimsbygda. Laget stilte i 6. divisjon under namnet Breimsbygda/Jølster 2. Dette samarbeidet fungerte godt ,og vi satsar på å halde fram også denne sesongen. Laget hadde ein god sesong og kjempa i toppen heilt inn.

I aldersfastlagd er det stor aktivitet og mange fotballspelarar. Vi har veldig stor deltaking på Konglerike Miniputturneringane. Jølster fotball er arrangør på ein av desse turneringane der det vert lagt ned mykje god innsats av foreldreguppa for eit vellykka arrangement. Vi får gode tilbakemeldingar frå krets på at arrangementet er svært godt avvikla. Vi har mange lag som reiser på cupar, og det er veldig bra. Jølster fotball dekker lagsavgift på ein del av desse. Dette m.a.for at vi ynskjer flest mogeleg lag reiser for å vere synlege i miljøet.

Jølster fotball har i mange år arrangert Tine fotballskule, noko som også i 2016 vart gjennomført på ein framifrå måte.

Vi har og stort fokus på utdanning av trenarar og dommarar, der vi også sist sesong gjennomførte kurs.

 

Anlegg

På den fronten er det ikkje forandring. Ein slit å få avvikla kampar og trening på ein tilfredsstillande måte på Vassenden. På Skei er trykket mindre og kapasiteten betre så der går det stort sett greitt å få kabalen til å gå opp. Innandørstrening om vinteren har betra seg etter at ein kunne ta i bruk gymsalen på MOJO. Kunstgrasbana på Skei vert brøyta og sist vinter var det bra forhold der. Øyaflata vert ikkje satsa på å haldast open heile vinteren, men vert brøyta etter kraftig snøfall. Det for å unngå at det ligg snø langt ut på våren.

 

Fairplay

Jølster fotball har dei siste åra satt Fairplay på agendaen. Vi nådde ikkje opp sist sesong, men Fairplay ligg nedfelt i klubben og vi har god rutine på dette. Anne Marie Håheim har vore Fairplayansvarleg. Vi har tidlegare hatt to ansvarlege og det er eit mål for klubben å få på plass ein til i 2017.

 

Økonomi

Økonomien er god, og under kontroll. Overføringar frå hovudlaget, treningsavgifter og sponsorinntekter er det som er dei viktigaste innkoma i kassen.

 

Framtid

Jølster fotball vil vere ein arena for alle. Vi samlar bygda, og mange blitt kjend med kvarandre gjennom fotballen. Vi har god kontakt med begge asylmottaka og fleire der er blitt involvert i fotballen. Denne kontakten vil vi oppretthalde.

Vi har god rekruttering på gutesida. På jentesida er der nokre årgangar som er vekke. Det går utover damelaget som no slit med å ha nok spelarar. Det kjem opp eit bra kull 13/14 år gamle jenter som vi har eit ynskje om å satse på.

 

Fairplay vil vi framleis ha sterkt fokus på.

For å få betre klubbdrift har vi no hatt møter med krets om å komme i gang med å  bli NFF kvalitetsklubb. Dette skal vere retningsgjevande for drifta uavhengig av kven som sit i styret. Dette er eit prosjekt som vi vil bruke tid på å få til.

 

Blå diplom

Hege Hillestad, Agnar Bøyum, Øyvind Årdal og Morten Årset fekk på NFF Sogn og Fjordane si Miljøhelg tildelt kretsen sitt Blå diplom for mangeårig innsats på klubbnivå.

Desse og mange andre gjer ein stor frivillig jobb i klubben, og alle skal ha ei stor takk for det. Takk og til sponsorane våre som bidreg til at vi får inn pengar til drift av klubben

 

Vassenden, 26. januar 2017

Jarl Helle, leiar

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift