Årsmelding frå Handball

Her finn du årsmeldinga frå handballgruppa

Årsmelding for Handballgruppa

 

Styret

Leiar:              Anna Cecilie Midttun  

Kasserar:       Hilde Kristin Hårklau

 

Trenarar:        Anna Cecilie Midttun

Hjelpetrenar:   Ronny Kjøde, Gaute Grønfur og Ingunn A. Fanebust

 

Vi har hatt to møter i løpet av året, ellers går mykje av kommunikasjonen over telefon, facebook og mail. Handballgruppa har eiga facebookside der det blir lagt ut informasjon om treningar/kampar o.l.

 

Om gruppa

Vi avslutta J13 på våren, og nokon av jentene der har gått over til Førde. J10 blei påmeldt på nytt til hausten og starta opp i J11.

Vi har per no to lag som starta i regionserien hausten 2016. Jenter 11 år og jenter 10 år. Vi blei 10 nye jenter i haust som resulterte i at vi fikk inn eit lag til i J10 serien.

Antal aktive over 16 år: 6 stk

Antal aktive under 16 år: 32 stk.

 

Trenarar/lagleiarar

Anna Cecilie er trenar og lagleiar for Jølster J11.  Jølster J11 består av 9 spelarar fødde i 2005. I tillegg ein gut fødd i 2005 som deltek fast på treningane i MOJO.

Anna Cecilie Midttun er trenar og lagleiar for J10. Jenter 10 år består av 10 spelarar fødde 2006, og tre spelarar 2007.

Ronny Kjøde, Gaute Grønfur og Ingunn Fanebust har stillt som trenarar etter behov gjennom 2016.

Astrid Sundal trena 9 stk. J13 spelarar til våren 2016.

 

 

Aktivitet i gruppa

Jenter 13 år (våren 2016)

  • Våren 2016 hadde laget ei trening på halv handballbane i Førdehuset, og ei  trening i veka i gymsalen på Vassenden skule. I tillegg hadde laget ei kondisjonsøkt ute ein gong i veka.
  • I 2016 i pulje med Eid 1, Eid 2, Florø 1, Florø 2, Stryn og Sandane.
  • Spelargruppa er ein veldig positiv og kjekk gjeng som er veldig flinke å møte på trening.
  • 4 spelarar har delteke på to sonesamlingar for J13, ei i Førde og ei i Florø.
  • Dei spelarane som ville fortsette måtte gå over til Førde frå våren 2016 på grunn av mangel på halltreningar.

 

Jenter 10 år (våren 2016)

  • Ei trening i veka på MOJO.
  • Spelar i serien i region Sunnfjord i lag med Askvoll, Florø, Førde, Høyanger, Gaular og Dale.
  • Spelarane har fin utvikling, men møter motstand med godt etablerte lag i serien med lag som kun består av 2005 spelarar. Vi er flest 2006 og har 2007 spelarar på laget og dette merkar vi ved kamp.
  • Avslutta med Nordfjord Cup i Stryn i april

 

Jenter 10 år (hausten 2016)

  • På hausten gikk vi inn i regionserien med J10 då vi fekk 6 nye jenter på laget. Vi fikk meldt på i siste liten, og får heimekampar både i Florø og Høyanger fordi vi ikkje har heimebane sjølv.
  • Treningar i Heimyrkjeskulen på Vassenden onsdagar 17.30 -18.30. Vi trente ute ein periode i haust på heil grusbane då det var fint ute.
  • 13 aktive jenter, der 6 stk er heilt nye. Målet er å halde på alle 13 så ein kan fortsette mot hausten 2017. 

 

Jenter 11 år (hausten 2016)

  • Meldt på regionserien J11 då vi fekk 4 nye jenter på laget. 
  • Treningar i Heimyrkjeskulen på Vassenden onsdagar 18.30 -19.30. Vi trente ute ein periode i haust på heil grusbane då det var fint ute. Vi måtte dele opp treningane til J10 og J11 på grunn av plassmangel og dei trenar no kvar for seg.
  • Usikker mtp framtida til J11. Vi er avhengige av heil halltrening for å kunne lære reglar, trene optimalt og holde eit ok nivå i J12 som møter oss til hausten. Dei skal då begynne med strekspelar og full størrelse på mål, i tillegg er det mange handballreglar ved bytte, strekar o.l. som ikkje er så enkelt å forstå seg på når vi trenar i gymsal.

 

Anleggstatus

Vi manglar hall på Vassenden med stor nok størrelse for å dekke behovet vi har. Vi treng den sårt!

Vi trenar i år på Heimyrkjeskulen og må teipe og bruke kjegler for å lage linjer.

J11 og J10 søkte om ei trening i Førdehuset frå hausten 2016, og fekk ikkje i år heller. Vi har trena i Førde i 10 år, men dei to siste åra har vi fått nei. Førde har ikkje lenger kapasitet til å la oss trene i Førdehuset i vekene. Det er stor pågang for å trene i Førdehuset, og dei må prioritere lag frå eigen kommune.

J11 og J10 har heimekampar både i Høyanger, Flora, Gaular og Førde. Det blir derfor mange køyreturar ved kamp då vi ikkje lenger har kun Førde som heimebane.

 

Økonomi

Aktiviteten i handballgruppa blir i hovudsak dekka av treningskontingent og tilskot til aktivitetane frå hovudlaget. Vi hadde nytt draktsett som vi fekk sponsa av Gjensidige, desse fekk vi dessverre ikkje bruke lenger og måtte kjøpe nye drakter. Heldige som vi var fekk vi sponsa nye drakter av Gas Tech og RK Maskin. Så no har vi nytt draktsett med 20 drakter og nye ballar sponsa av Gas Tech og RK Maskin.

Vi har også jobba for at jentene skulle få seg genserar, og desse har Henden Elektro sponsa. Kjempe tøffe med namn på.

Kontingent per spelar er kr.500. Laget har pengar på konto så lenge vi ikkje trenar i Førde. Vi er på Cup i Nordfjord i April som kostar litt, men spelarane dekka store delar av dette sjølv. Per no har vi ca. 14 000 kr på konto.

Trenarane jobbar på dugnad og brukar fritida for å skape eit godt handballmiljø i bygda.

 

Målsetting for gruppa komande år

Mål for J10:

  • Fullføre sesongen 2016/2017 på best mogeleg måte.
  • Hovudfokus på spelarutvikling. Ha det kjekt og føle meistring på trening og kamp, og samstundes stimulere til vidare utvikling for kvar enkelt spelar.
  • Kunne gje spelarane eit betre treningstilbod enn dei har no, og gje dei motivasjon til å halde fram med å spele handball, utvikle seg og ha glede av idretten.
  • Melde opp to nye trenarar på trenarkurs som tar med seg J10 vidare og meld dei opp til J11 hausten 2017.
  • To treningar i veka frå hausten 2017, ei på Skei og ei på Vassenden.
  • Melde på cup våren 2017

 

Mål for J11:

  • Usikker framtid på grunn av for dårlig hallforhold.
  • Vere med på cup/handballskule hausten 2017.
  • Trene i Førde frå hausten 2017 om vi får treningstid, evt går dei som ynskjer over til Førde sitt lag. 

 

Vi ynskjer også fleire aktive trenarar for å bygge opp handballmiljøet. Per no har vi ingen som kan starte opp treningstilbod for dei som er yngre enn 2007.

Handballgruppa er opptatt av FAIR PLAY, og er stolte av å vere ein del av Jølster Idrettslag.

 

Leiar i Handballgruppa:

Anna Cecilie Midttun

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift