NY PÅMELDINGSFRIST: Treningssamling/langrenn-skihelg 25.-27.01.19

ME PRØVER IGJEN!!! NY FRIST FOR PÅMELDING!! Skigruppa i Bjørn West har leigd arenahuset i Herresåsen og legg opp til ei skihelg med vekt på sosialt samvær, ute og inne, med trening og/eller turar i løypene. Instruksjon friteknikk laurdag delt i 2 grupper; nybegynnar og vidarekomne. Skileik - stafett laurdag ettermiddag.

Barn, ungdomar og vaksne, familiar og enkeltpersonar er velkomne!

Sjå http://skivoss.no/ for informasjon om området.

Arenahuset har 10 rom med til saman 44 sengeplassar. Det er 7 rom med 4 senger, 2 rom med 5 senger og 1 rom med 6 senger. Me vil så langt råd er legge til rette for at familiar kan få eigne rom, men for å få «kabalen til å gå opp» kan det bli aktuelt å dele rom med andre.

PRIS: 

Kr 530 per person for overnatting fredag til søndag (= kr 265,-/ døgn), inkludert parkering og instruksjon. I tillegg kjem mat og reise. Me vil legge opp til nokre fellesmåltid og vil fordele oppgåver med å lage til måltid, oppvask, moppe golv o.l. Me kjem tilbake til detaljane i dette når me ser korleis påmeldinga vert.

PÅMELDING:

Påmelding til Arne Kvamsdal på telefon 90756561.

Namn

Alder

Ynskjer instruksjon nybegynnar (set x)

Ynskjer instruksjon

Vidarekomen (set x)

Merknad

T.d. behov for skyss, har allergi? Kan bidra med matlaging? Har plass i bilen.


Påmeldingsfrist: 04.01.19

    


 

Sosialemedier

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift