Nyttig info om bruk av hallen

Lurar du på kvar du kan leite etter attgløymde klede, kva sko du kan bruke i hallen på trening eller korleis me kan halde hallen fin og ryddig? Les her.

Me er så heldige å ha ein idrettshall i bygda vår, som vert godt brukt av medlemmene i Skånevik Idrettslag. For å behalde den så fin som mulig, er det viktig at me som brukarar av hallen tar i eit tak.

 - Etter KVAR trening skal ein sjå etter at det er ryddig. Fleire gonger har ein kome i hallen om morgonen, der det ligg igjen utstyr, ballar og liknande etter kvelden før. Skjerpings folkens, alle må rydda skikkeleg etter trening!!

- Det er berre lov å bruke sko som er godkjente innesko/godkjente for hallbruk.

- Behandle utstyret og inventaret i hallen på ein god måte.

Er ein så uheldig at ein gløymer att noko i hallen, så står det ein kasse på tavlerommet, der slikt vert lagt.

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift