Nyhetsarkiv
21.05.2019 Kårstø Cup-plass til fleire!
Pr. 21 mai er 41 lag påmeldt Kårstø Cup sundag 2 juni. Påmeldingsfristen er utvida til 26 mai for å få med endå fleire. Meld deg på her!
Mikael Benjamin Myklebust
10.05.2019 Kårstø Cup
Pr. 10 mai er 24 lag påmeldt årets Kårstø Cup og spesialdesigna medaljar er bestilt! Det er 11 dagar til påmeldingsfristen går ut, og plass til lang fleire lag, les meir under.
Talina Irenesdottir
30.04.2019 Ledig stilling som kontorfullmektig i Falkeid IL
Vår noverande kontorfullmektig i prosjektstilling, går over i ny stilling hos annan arbeidgjevar og av den grunn har vi 50 % ledig kontorfullmektigstilling i Falkeid Idrettslag i perioden 01.08.2019- 31.07.2020. Stillingen er tidsbegrensa i eit år, men kan bli forlenga.
Mikael Benjamin Myklebust
30.04.2019 Påmelding til Stoke City Fotballskole
Nå er det bare å hive seg på! Påmelding skjer via Min Idrett!
Talina Irenesdottir
29.04.2019 Kjøp klubbtøy i ny Nettbutikk!
For å enklare kunne bestille klubbtøy, har no Falkeid IL ein eigen nettbutikk i samarbeid med Umbro. Varene leverast heim på døra innan ei veke.
Mikael Benjamin Myklebust
12.04.2019 Handballavslutning for sesongen 2018/2019.
Utøverar med foresatte avslutta handballsesongen 2018/2019 på idrettshuset torsdag 11.04.2019.
Gro Sørensen
12.04.2019 Protokoll fra fortsettende årsmøte
Det fortsettende årsmøtet ble avholdt i klubbhuset på Troppene den 10. april 2019. Alle styreverv er no satt, og vi er klare for å ta fatt på eit historisk 2019 saman med ein utrulig flott dugnadsgjeng som saman driv Falkeid IL framover.
Talina Irenesdottir
12.04.2019 Haugesund Sparebank JUBEL
FK Haugesund sammen med Haugesund Sparebank vil spre glede, jubel og stemning rundt FKHs hjemmekamper. Vi har derfor utfordret lag og organisasjoner til å delta i JUBEL- konseptet. SØNDAG 5. MAI er det Falkeid IL sin tur til å delta i konkurransen som kan gje oss 60 000 i klubbkassa. Oppgåva er enkel, lage mest mogleg jubel, og prisen pr. billett er berre 50 kroner.
Mikael Benjamin Myklebust
09.04.2019 Lukta av nyklipt gras...
Lukta av nyklipt gras er det mange som har eit nostalgisk forhold til, og med det, kan vi erklære grasbana for OPEN! Les reglane for bruk under...
Mikael Benjamin Myklebust
05.04.2019 Konica Minolta - ny Falk!
Konica Minolta og Falkeid IL skreiv i førre veke ei 4 årig Falk-avtale, og i same slengen leverte dei ny Konica Minolta printer til kontoret på klubbhuset. Les intervjuet med salskonsulent Kjetil Vikse i denne nyheitssaken.
Mikael Benjamin Myklebust
05.04.2019 Handballavslutning sesongen 2018/2019 torsdag 11. april 2019
Utøverar og foreldre/foresatte inviteres til avslutning av sesongen 2018/2019 torsdag 11. april kl. 17.00 på Falkeid Idrettshus, storsalen.
Gro Sørensen
02.04.2019 Innkalling til fortsettande årsmøte
Det kallast med dette inn til fortsettande årsmøte i Falkeid IL onsdag 10 april klokka 18.00 i Storsalen på klubbhuset. Sjå agendaen under.
Mikael Benjamin Myklebust
25.03.2019 Trygge ungar/utøverar på trygge idrettsarenaer og treningsareal
Falkeid IL sine treningsflater på Troppene idrettsområde er og skal vere trygge arenaer for ungar/utøverar å opphalde seg på også når det ikkje er organisert trening og kampar på "plassen".
Gro Sørensen
24.03.2019 8/4 kl. 17.45 Fotball: Møte trenere og lagledere sesong 2019
Møte for fotballtrenere - og lagledere . Informasjon og treningstips ved FKH.
Helga Haugsnes Borgen
24.03.2019 Førstehjelp og hjertestarter
Tysdag denne veka arrangerte fotballstyret førstehjelp økt for trenerar og lagleiarar.
Helga Haugsnes Borgen
21.03.2019 Henting av ballar i Halltomta.
Viktig informasjon: Ballar som under foballtrening blir skutt ut i halltomta, skal hentast av vaksne trenerar eller oppmenn.
Gro Sørensen
15.03.2019 Meny Aksdal leverer!
Ikkje berre leverer Meny Aksdal daglegvarene dine heim på døra ved bestilling i nettbutikken deira, men dei leverer også som mangeårig samarbeidspartner i Falkeid IL. Denne veka skreiv vi ny 2 årig Sølvfalkavtale med verksemda, les intervjuet med kjøpmann Birge Nymark under!
Mikael Benjamin Myklebust
14.03.2019 Takk for innsatsen!
På onsdagens årsmøte var det 10 personar som takka av. Falkeid IL takkar for innsatsen de har lagt ned for born, unge, vaksne og eldre i Falkeidregi. Dykkar bidrag er viktig for lokalsamfunnet vårt, der vi som idrettslag spelar ei viktig rolle i å aktivisere og sosialisere våre medlemmer.
Mikael Benjamin Myklebust
14.03.2019 Må halde fortsettande årsmøte!
Hovudstyret er ikkje komplett, andre vitale verv manglar også. For at vi skal kunne drive idrettslaget vidare, er vi derfor nødt til å halde eit fortsettande årsmøte der manglande verv må vere besatt innan utgangen av mars. Les protokollen og relevant nyheitssak under.
Mikael Benjamin Myklebust
13.03.2019 JRD-1 Finalespill i RFK vinterserie J19
Falkeid/Skjold/Stegaberg J19 spiller finale i RFK sin vinterserie nord. Vi gleder oss!
Asbjørn Bakken
11.03.2019 Falkeid IL treng DEG, ja - akkurat deg!
Årsmøte nærmer seg og viktig verv gjenstår å fyllast. Derfor treng laget akkurat DEG som bor i bygdene rundt Falkeid Il sitt idrettsområdet og er brukar av laget sine tenester.
Gro Sørensen
06.03.2019 FKH dugnadshjul for 2019 er i boks!
Nå ligger det en oversikt over dugnad for FKH ute på nettsiden vår.
Talina Irenesdottir
05.03.2019 Årsmøte Falkeid IL
Onsdag 13 mars klokka 19.00 er det årsmøte i Falkeid IL. Her er agendaen og alt du som medlem treng for å setje deg inn i sakane på årsmøtet. Vel møtt!
Mikael Benjamin Myklebust
04.03.2019 Generalforsamling Falkeidhallen AS
Agendaen for generalforsamlinga til Falkeidhallen AS ser du under. Generalforsamlinga er Onsdag 13 mars klokka 18.30 i storsalen på klubbhuset. Huvudstyret i Falkeid IL er dei einaste som er stemmeberettiga i Generalforsamlinga.
Mikael Benjamin Myklebust
02.03.2019 Fotball G16 på tur til Stoke, England
Guttar 16 er på treningsopphold og kompistur til Stoke i vinterferien.
Helga Haugsnes Borgen
23.02.2019 Førstehjelp - Trenere og lagledere
19/3 kl. 18 - 19.30 Fotballstyret inviterer trenere og lagledere på alle aktiviteter i FIL til økt med førstehjelp.
Helga Haugsnes Borgen
21.02.2019 Generalforsamling Falkeidhallen AS
Det kallast med dette inn til generalforsamling i Falkeidhallen AS, Onsdag 13 mars klokka 18.30 i Storsalen på klubbhuset. Dei stemmeberettiga er dei sitjande styremedlemmane i hovudstyret til Falkeid IL. Andre interesserte kan kome, men vil ikkje ha stemmerett i generalforsamlinga.
Mikael Benjamin Myklebust
15.02.2019 Ei annerledes treningsøkt for handball J13 år
Mye latter, stor intensitet og treningsglede blei det av treningsøkta til J13 år handball i Tysværtunet idrettshall torsdag 14. februar 2019.
Gro Sørensen
15.02.2019 Suldalsbussen- ny Falk!
Stallen er ytterlegare styrka, ta i mot Suldalsbussen AS som denne veka signerte på ei treårig Falk-avtale. Les intervjuet med dagleg leiar Per Arne Fisketjøn i saken under, for å verte betre kjent med vår nyaste samarbeidspartner.
Mikael Benjamin Myklebust
12.02.2019 Årsmøte i Falkeid IL
Hovudstyret kallar med dette inn til årsmøte i Falkeid IL onsdag 13 mars på klubbhuset
Mikael Benjamin Myklebust
07.02.2019 JRD-1 Fra Tysvær til Texas
Midt under Norway Cup i fjor reiste Julie Gjerde til USA som utvekslingsstudent. Det ble mer enn bare skole...
Asbjørn Bakken
06.02.2019 Ønsk Talina velkommen!
Hovudstyret i Falkeid IL har styrka administrasjonen med å tilsette Talina Irenesdottir i 50% stilling frå februar til ut juli. Talina er ei strukturert dame, som skal ta seg av alt med nettsida, utleige og div. forefallande arbeid. Kontakt ho på kontor@falkeid-idrettslag.no
Mikael Benjamin Myklebust
05.02.2019 Treningstider håndball
Under finner du treningstider for håndball!
Talina Irenesdottir Håndball
05.02.2019 Treningsøkta.no
På Treningsøkta.no ligg det mellom anna forslag til komplette treningsøkter (med forklaringar, teikningar og videoar) for lag i alle aldera, oppmodar alle trenarar i Falked IL om å hente økter og tips herfrå.
Talina Irenesdottir Fotball
05.02.2019 Forsikringer og Skade
Info om korleis du kan melde inn skade og info om Fotballforsikring.
Talina Irenesdottir Fotball
05.02.2019 Bruk av Fiks!
Her kommer litt Info om bruk av fiks, samt spelarovergang!
Talina Irenesdottir Fotball
01.02.2019 TSREVISJON AS - ny Falk!
Denne veka skreiv Falkeid avtale med ein heilt ny samarbeidspartner, ønsk Tsrevisjon velkommen! Dei skal i ei 3-årsperiode vere med som Falk, og skal synleggjerast mellom anna på klubbgensaren vår. Verksemda skal også revidere regnskapet vårt. Les kva dagleg leiar Hans Petter Thorvaldsen seier i høve signeringa.
Mikael Benjamin Myklebust
29.01.2019 Tid for gjennomgang av Politiattester
Norsk idrett skal være ein tryg stad å være for alle. Alle idrettslag plikter å innhente politiattest for personar som skal utføre oppgåver som innebærer et tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige (under 18 år) eller mennesker med utviklingshemming. Den nye Spoortz-appen vil varsle deg når din politiattest har gått ut på dato, lurt å laste ned denne.
Talina Irenesdottir
29.01.2019 Nå virker innmeldingskjema!
Vi har hatt tekniske problemer ved innmelding av medlemmer men er dette i orden.
Talina Irenesdottir
29.01.2019 Ny Utleigekalender
Nå ligger det en ny kalender ute på hurtigknapper. Der kan du se når lokalene våre er ledige, samt lage en forespørsel for booking. Instruks står på siden.
Talina Irenesdottir
15.01.2019 Tveit Regnskap, no med som Falk!
Regneskapsfirmaet med hovudsete i Skjold i Vindafjord har i ei årrekke støtta Falkeid. No har dei gått opp til ei Falk-avtale, og Falkeid har i frå 2019 regnskapsførar i Tveit Regnskap. På avdelingskontoret på Bygnes, tok eg meg ein prat med salgs- og markedsleder Johnny Stava, les intervjuet under.
Mikael Benjamin Myklebust
10.01.2019 Fotball-treningstider 2019
Her er oversikt på treningstidene.
Helga Haugsnes Borgen
10.01.2019 Nytt år - ny nettside!
Me går inn i det nye året med ny nettside, som skal vere enklare å bruke og meir oversiktlig. Sida er framleis under arbeid, men det er likevel fleire ting som er verdt å merka seg.
Jeanette Helle
08.01.2019 VEIDEKKE er med vidare!
Veidekke Entreprenør, distrikt Haugesund, signerte denne veka ny 2-årsavtale med Falkeid IL.
Mikael Benjamin Myklebust
03.01.2019 Medlemskontingent og treningsavgift 2019
Årsmøtet i 2018 vedtok ei auke i medlemskontingenten frå om med 2019, og nytt av året er at ein no mottar eit samla beløp på faktura (treningsavgift + medlemskontingent) i staden for to separate. Medlemskontingent og treningsavgift 2019 vert utfakturert første veka i januar i Spoortz-appen, VIPPS, e-post eller på SMS. Faktura vert handsama av Spoortz AS.
Jeanette Helle
28.12.2018 Personvern i Falkeid IL
EU har vedtatt ein ny forordning som gjeld reglane for korleis me behandlar personopplysningar i idrettsklubben.
Jeanette Helle
27.12.2018 Vervsfest!
Alle frivillige (trenarar, lagleiarar, styremedlemmer og andre med ei rolle i klubben) i Falkeid IL ønskast velkommen til vervsfest fredag 1.februar kl. 19.00. De kan ta med følge!
Jeanette Helle
20.12.2018 Askeland Eiendomsutvikling med ny avtale!
Askeland Eiendomsutvikling og Falkeid IL skreiv i dag ny 3-årig samarbeidsavtale, no som Sølvfalk. Eiendomsutviklar Olav Askeland, som har kontor på Slåttevik, har mange spennande prosjekt på gang både i Slåttevik og i Haugesund. Verksemda vil mellom anna verte synlege med nye bustadsprosjekt på vår infoskjerm og på dame- og J19-laget sine shortsar.
Mikael Benjamin Myklebust
20.12.2018 Første spadestikk på Falkeihalltomta
18 desember 2018 er ein historisk dag for Falkeid IL, første spadestikket på Falkeihalltomta utført av framtidige brukarar og frivillige i vår nye storstove. Les om denne saken og ein sak om FKH-dugnaden i dagens papirutgåve av Tysvær Bygdeblad. Link til oppslag i Haugesunds Avis ligg også ved.
Mikael Benjamin Myklebust
20.12.2018 Falkeidposten 2018
2018 ligg snart bak oss, på haugen bortforbi kunstgaset gravast det for harde livet og vedlagt ligg Falkeiposten for 2018 for dei som evt. ikkje har fått denne i postkassa si. God jul, alle saman!
Mikael Benjamin Myklebust
14.12.2018 Nå begynner eventyret- vi bygger Falkeidhallen!
Falkeid Idrettslag har gleden av å invitere til første spadestikk på vår nye storstue, Falkeidhallen, tirsdag 18. desember kl. 14.30. Møtested: parkeringsplassen ved Falkeid idrettshus. Adresse: Tysværvågvegen 597, 5565 TYSVÆRVÅG
Mikael Benjamin Myklebust
03.12.2018 Falkeid IL sin julebasar 2018 er allereie historie
Takk til alle medbygdingar som tok turen laurdag 2. desember 2018 til Falkeid IL sin julebasar.
Gro Sørensen
30.11.2018 Tonjer Skilt- no med som Bronsefalk!
Dei siste 3 åra, har det dukka opp nye sponsorveggar, flotte roll-upar og diverse materiell frå vår gode samarbeidspartner Tonjer Skilt. Denne veka, skreiv vi ny 3-årig avtale med skiltleverandøren på Haugalandet, som dobla innsatsen, og er med som Bronsefalk frå 2019!
Mikael Benjamin Myklebust
28.11.2018 Falkeid IL sin julebasar lørdag 1. desember 2018
Årets julebasar blir hold på Falkeid-huset lørdag 1. desember 2018 kl. 12.00 - 15.30.
Gro Sørensen
16.11.2018 Informasjonsmøte om bygging av Falkeidhallen onsdag 21. november 2018
Vi byggjer hall. Det blir halde informasjonsmøte for Falkeid IL sine medlemmer om byggjing av Falkeidhallen på idrettshuset onsdag 21. november 2018 kl. 20.00.
Gro Sørensen
15.11.2018 Kompispris 2018 - Fotball
Hedda Stokkenes,Jenter 14 og Even Gismarvik, Guttar 13 er tildelt årets "Kompis 2018" pokal
Helga Haugsnes Borgen
15.11.2018 Pokalfest - Fotball barn og ungdom sesong 2018
Tysdag og Onsdag denne veka var det Pokalfest for barn og ungdomsavdelinga til Falkeid IL.
Helga Haugsnes Borgen
09.11.2018 Wee - no med som Falk!
Wee Gruppen, har i mangfoldige år vert med som sponsor i Falkeid, no ønskjer dei å ta steget opp, og vil frå 2019 verte profilert som Falk. Med dette, vert dei synlege på informasjonskjermen vår, samt med skilt i Falkeidhallen. Trykk deg inn i nyheitssaken for å lese intervjuet med Roger Wee, som er dagleg leiar i Wee Gruppen. Sjekk også ut nettbuttikken deira og videoen som vil syne på informasjonskjermen vår.
Mikael Benjamin Myklebust
09.11.2018 Årsmeldingar-Fotball!
Trykk deg inn her for å opne og lese årsmeldingane og sjå bileta frå alle fotballaga våre i 2018!
Mikael Benjamin Myklebust
06.11.2018 Rydding av Falkeidhallen-tomta!
Førstkommande laurdag frå klokka 10 til 18 satsar me på å rydde resten av den nye tomta til Falkeidhallen. Alle som kan være med å bere kvistar og greiner er hjertelig velkomne! Bilete er frå første ryddedugnaden på tomta, mykje er skjedd sidan den gang. Bli med å på å legge siste handa på verket før knausen går i lufta før julefreden senkar seg.
Mikael Benjamin Myklebust
01.11.2018 Assist - vår nye Bronsefalk!
Assist og Falkeid skreiv i dag ei 4-årig samarbeidsavtale som trer i kraft frå 2019. Vår framoverlente Bronsefalk, syner frå første samtale stor samarbeidsvilje og vil allereie innan jul få på plass informasjonsskjerm på klubbhuset, som ein del av avtala. Assist har ein tydleg plan for alt dei held på med, og har allereie drege i trådar som gjer at vi snart også kan signere endå ei samarbeidsavtale. Assist vil frå i dag av, vere ei hjelpande hand for idrettslaget, våre medlemmer og ikkje minst i arbeidet med å synleggjere våre samarbeidspartnerar på vår nye infoskjerm, og med ytterlegare 3 infoskjermar i Falkeidhallen! Opne nyheittsaken for å les intervjuet med med klokkeklare leiaren i verksemda, James Persson.
Mikael Benjamin Myklebust
24.10.2018 Lyst til å bli med på boccia?
Kvar tysdag klokka 12-14 samlast ein herleg gjeng rutinerte bocciaspelarar seg på klubbhuset her på Troppene. Dei samlast for å ete wienerstang, frukt og for å spele boccia. No er dei på leiting etter fleire bocciaspelarar! Bygdanytt kjem med på kjøpet, og dei kan love god opplæring. Bli med då vel, eller tips nokon du kjenner om dette tilbodet. Vel møtt!
Mikael Benjamin Myklebust
19.10.2018 Møte for trenere og oppmenn i Falkeid IL handball
Tysdag 23. oktober 2018 kl. 20.00 blir det møte for trenere og oppmenn i handballen for sesongen 2018/2019.
Gro Sørensen
17.10.2018 Oppstart Allidrett i dag!
I dag, onsdag, klokka 17.15 er det oppstart på Falkeid IL sin Allidrett på Tysværvåg skule. ta med drikkeflaske, innesko, gymsokkar og godt humør. 1-3 klasse byrjar 18-19.
Mikael Benjamin Myklebust
12.10.2018 Klubbkveld onsdag 24 oktober!
Onsdag 24 oktober inviterer vi til Klubbkveld i høve at det er sesongstart for våre Handballspelarar og alle på Allidrett! Fotballfolket er sjølvsagt også velkomne, det hadde sikkert vert kjekt med ei ny trenarjakke for dykk som skal stå ute i hauststormane frammover. Det vil vere 30% rabatt til alt som er på lager her på klubbhuset, det er noko utplukka med tanke på storleik. Og alt som ikkje er på lager, kan bestillast og hentast på Intersport i Haugesund, då til veiledande klubbpris slik som det kjem fram i klubbkolleksjonen under.
Mikael Benjamin Myklebust
12.10.2018 Sponsorlunsj på Brasserie Brakstad!
Fredag var nokre av sponsorane til Falkeid IL samla til ein 2-retters lunsj på Brasserie Brakstad på Indre Kai i Haugesund. Sponsorane våre utgjer isolert sett den største inntektskjelda til Falkeid IL, og hand i hand med den formidable jobben våre driftige frivillige eldsjeler nedlegg, så er det dette som utgjer at Falkeid IL er eit av dei mest driftige idrettslaga på Haugalandet! Tusen takk til Brassiere Brakstad som for tredje året på rad serverte ein utsøkt 2-retters!
Mikael Benjamin Myklebust
20.09.2018 Vinnarane er....
Det skal lønne seg å stille opp for klubben sin. Falkeid IL har utrulig mange driftige frivillige som gjer nettopp det, noko som forhåpentligvis er både morosamt og som har eigenverdi for dykk som stiller opp. På FKH sine heimekampar, har Falkeid 40 folk i sving, og er største innleigde aktør på stadion på kampdag. FKH er strålande nøgde med jobben som de gjer, å vere med i dugnadsgjengen frå Falkeid er blitt eit kvalitetsstempel på Haugesund Stadion. For å belønne nokre av dykk som stiller opp, har vi no trekt ut nokre tilfeldige som har vert på denne dugnaden i år. I premiepotten, ligg hotell-weekend på Hotell Terminus i Bergen, og nokre signerte FKH-drakter. Vinnarane er...
Mikael Benjamin Myklebust
19.09.2018 Minihandball for 6 åringar - oppstartsmøte torsdag 20. september.
1. klassingar inviteres til oppstart i minihandball torsdag 20. september kl. 17.15 i gymsalen, Tysværvåg skule.
Gro Sørensen
19.09.2018 Handballsesongen 2018/2019 er starta.
Handballsesongen i Falkeid IL handball er nå starta og nokre av laga har starta treninga allereie rett etter skulane starta.
Gro Sørensen
19.09.2018 Dugnad i halltomta - ei alternativ treningsøkt.
Gåande, syklande og kjøyrande på strekningen Falkeidhuset - Tysværvåg har merka aktivitet i halltomta sist veke der området er blitt rydda for trær og kratt.
Gro Sørensen
04.09.2018 Håndballsesongen 2018/2019 snart i gang - tidtaker/sekretærkurs for kampregistrering på idrettshuset 10.09.2018
Kurs i digital føring av kamprapport blir arrangert på Falkeid IL sitt klubbhus mandag 10. september 2018 kl. 18.00.
Gro Sørensen
27.08.2018 Medieomtale frå sykkelfesten
Sykkelfesten i Tysværvåg er over for i år. Vi har hatt strålande vær, nøgde deltakarar og mykje idrettsglede desse dagane med Steinsvikrittet, Haugaland Kraft Undomsritt og Haugesunds Avis Barneritt. Takk til alle spreke deltakarane, rause samarbeidspartnerar, driftige frivillige, velvillige grunneigarar og alle tilskodarar som deltok på sykkelfesten. Vi håpar alle har hatt en strålende helg og ønskjer alle velkommen attende i 2019. Under her er lenker til medieomtale frå helga. Bilete er teke av Alfred Aase.
Mikael Benjamin Myklebust
24.08.2018 Håland & Karlson med på laget!
Vi ønskjer Håland og Karlson AS velkommen som skiltfalt i Falkeid IL! Eg tok meg ein tur innom vår nye samarbeidspartner som held til på industriområdet på Frakkagjerd. Les kva dagleg leiar Inge Håland seier i høve signeringa med Falkeid. På bilete , ser de premiepodiet (samt han som sveisa den) som Håland og Karlsen har laga til oss, som allereie på morgondagens Steinsvikritt vert teke i bruk. Resten av året, kan det nyttast til spensttrening el.
Mikael Benjamin Myklebust
23.08.2018 Bli med på sykkelfesten for store og små!
Denne helga arrangerer Falkeid IL sykkelfest for heile regionen, med det største terrengsykkelrittet på Haugalandet, Steinsvikrittet og Haugaland Kraft ungdomsritt på laurdag. Sundag er det barnas dag, med gratisrittet Haugesunds Avis Barneritt som også er størst og ikkje minst best i klassen! For påmelding mm. sjå link under. Skal du ikkje delta, oppmodar vi alle om å stille seg langs løypa for å heie, eller legge turen til Troppene for så å ta middagen her i kafeen som vil vere open begge dagane!
Mikael Benjamin Myklebust
23.08.2018 Bli med då vel!
Mikael Benjamin Myklebust
17.08.2018 Dommaroppsett for hausten er klart!
Fotballstyrets dommarkoordinator har på nytt fått bryna dei små grå med å setje opp dommarkabalen for hausten. Oppsettet finn du no på nettsida vår under Idrettar> Fotballdommar
Mikael Benjamin Myklebust
08.08.2018 ADM-2 Steinsvikrittet 2018
Har du mulighet å hjelpe til som løypevakt/Stasjonærvakt. Denne uka er det kursing.
Asbjørn Bakken
11.07.2018 NORWAY CUP 2018
Lørdag 28. juli kl 07.00 reiser Falkeid IL til Norway Cup med 7 lag og 92 spillere. Info om turen og hvordan du kan følge kampene finner du her:
Asbjørn Bakken
29.06.2018 Falkeidposten- Sportsvåren 2018
I siste sekund før sumaren tek over, så er Falkeid si eiga avis med sportsleg oppdatering frå det siste halve året klar. Her er Falkeidposten- Sportsvåren 2018. God sumar!
Mikael Benjamin Myklebust
29.06.2018 Stoke City Fotballskule - kort oppsummert
Ei fantastisk veke med fotballskule er ved veis ende, deltakarane er garantert sletne og eg trur dei også er strålande nøgde med denne veka i solskinet her på Troppene. Takk til alle som har bidratt; deltakarar, trenarane, frivillige og fotballskulesponsorane. De har sørga for at dette vart ei framifrå veke med ein heilproff fotballskule med sportsleg og sosial utvikling.
Mikael Benjamin Myklebust
28.06.2018 Dieselpumpe i Slåttevik!
Vår gode samarbeidspartner Romseland og Kvam Oljeservice har opna Dieselpumpe i Slåttevik. I høve opning av ny pumpe, inviterer driftsleiar Rune Romseland til stand i dag (torsdag) frå klokka 16 til 18. Der vil han dele ut bollar, Esso-sekkar mm. Han vil også vere behjelpeleg med å fylle ut søknadsskjema for å få Esso Energi-kort. Dieselpumpa er open for alle, privatpersonar og bedriftskundar. Rune skrur også ned dieselprisen desse to timane.
Mikael Benjamin Myklebust
22.06.2018 Alt er klart til Stoke City Fotballskule!
57 deltakarar frå 8 til 16 år er påmeldt Stoke City Fotballskule, t-skjorte til alle er på plass, treningsprogrammet og vekeplanen er klar, værmeldingane ser bra ut og i morgon landar trenarane Duncan, Cameron, Joe og Isaac på Helganes. Takk til våre rause samarbeidspartnerar som stiller med hytte, bil, mat og kapital for å få fotballskulen til å gå rundt! Les komplett program under, og så er det berre til å glede seg til førsteklasses fotballskule på Troppene!
Mikael Benjamin Myklebust
15.06.2018 Trenarsession med Stoke-trenarane- 27 juni!
Er du trenar i Falkeid, Bokn eller Førland? Då bør du sette av onsdag 27 juni, som er midt Stoke City Fotballskuleveka. Då vert det syning av øvingar ute på feltet, samt korleis dette kan tilpassast til laget du trenar. Dersom nokon har spesifikke ønskjer mtp. tema for økta, ikkje nøl med å sende dette på ein mail til post@falkeid-idrettslag.no. Trenarsessionen ute på bana vil vare frå 18-20. Deretter er det VM på storskjerm, Pizza og drøs i storsalen. Denne kvelden leverast av Askeland Eiendomsutvikling.
Mikael Benjamin Myklebust
14.06.2018 Stafett for livet!
Løp for livet, løp for en venn, en kollega, en du kjenner, ett familiemedlem, eller løp for en god sak!
Einar Magne Storhaug
05.06.2018 Falkeidhallen - etterlengta tidspunkt for oppstart er her.
Formannskapet har hatt møte i dag, tysdag 5. juni 2018. Rekkefølge krava som kom inn ved sist budsjett des 17, og skulle mjuknast opp, løyses ved at det er politisk vilje for å løyve 2 mil til vei og P plass. Alle partier stiller seg bak dette, legges inn i budsjett 2019.
Gro Sørensen
05.06.2018 Sal av Hervik Juice og Smoothie!
Vi har ca 200 Hervik Juice og ein del Bendit Smoohie igjen etter Kårstø Cup, dette ønskjer vi å selje eksklusivt til Falkeidmedlemmer for 15 kroner stk. Bestilling av dette skjer ved å sende mail til siljegis@gmail.com. Skriv antalt Juice (eple/apelsin) og/eller smoothie. Betaling skal skje på VIPPS eller via bankterminal ved henting. Er du ikkje medlem, sei du? Det er jo kanskje ei høveleg mogelheit til å melde seg inn som støttemedlem til 200 kroner året, melder du deg inn som støttemedlem innan 9 juni, skal du få med ein 6 pk. med Hervikjuice når medlemskapet er oppretta og betalt. Sjå link under for digitalt innmeldingskjema. Denne kampanjen går så lenge lageret held, og det treng ikkje vere så lenge.... Snu deg på helen!
Mikael Benjamin Myklebust
03.06.2018 Strålande sol og god stemning = Kårstø Cup!
Kårstø Cup er og forblir ei suksesshistorie. Dommarane og våre flittige frivillige har på nytt levert eit arrangement med høg kvalitet i alle ledd. Frå klokka 8-17.30 har dei 102 besøkande laga spelt over 200 kampar i strålade solskin i Tysværvåg. Tradisjonen tro, har vi nominert 2 Kompis-lag som har utmerka seg med gode haldningar på bana, i trå med haldningsprogrammet vårt som heiter Kompis. Medieoppslag frå turneringa vert lenka til i denne nyheitssaken. Og det er link til eit album med fleire bilete på vår Facebookide. Takk for ein fantastisk dag, alle saman!
Mikael Benjamin Myklebust
01.06.2018 Les dette, FØR du kjem på KÅRSTØ CUP!
Vi har jobba seint, vi har jobba tidlig, vi har stått på lenge for at sundagen skal bli best mogeleg for alle besøkande på Kårstø Cup på sundag 3 juni. Og no nermar den store dagen seg med stormskritt! Du som er ansvarleg for eit lag på sundag, ver vennleg å les alt dette før du møter opp på sundag. Aller viktigast, ver ute i god tid, og meldt å frå i sekretariatet straks du kjem på anlegget vårt. Vi gledar oss stort til å få kvar og ein av dykk på besøk på sundag, vel møtt!
Mikael Benjamin Myklebust
01.06.2018 Karsten Bjelland- fortsett som Sølvfalk!
Karsten Bjelland har i lang tid vert ein viktig og solid samarbeidspartner for Falkeid IL, og denne veka skreiv vi ny 3-årig samarbeidsavtale med Rørentreprenøren på Haugalandet! Les kva driftsleiar Ole Bjelland seier i høve signeringa med Falkeid. På sundagens Kårstø Cup, vil Karsten Bjelland vere synlege med bla. bilar som er parkert sentralt på anlegget.
Mikael Benjamin Myklebust
30.05.2018 Nye rastebord frå Saga Bygg
10 nye rastebord er klare til Kårstø Cup, vår general Saga Bygg har levert materiell og utført alt arbeidet med å snekre dei nye rasteborda. Ein samarbeidspartner som leverer slik ein service i ein hektisk innspurt før cup, er gull verdt! På midterste bordplate, er det også frest inn firmanamn til andre gode samarbeidspartnerar: Haugesund Sparebank, K. Lønning Hage og Anlegg, Murerfirma Tor Gismarvik, Hervik Rør, Mecan, Askeland Eiendomsutvikling og PayTec.
Mikael Benjamin Myklebust
29.05.2018 350 000,- frå SR-STIFTELSEN
SR-stiftelsen tildelte i dag 350 000 kroner til bygging av Falkeidhallen. Kvart år delar Sparebankstiftelsen ut millionbeløp til lokale lag og foreninger på Haugalandet. Denne våren, var det Falkeidhallen som vart tildelt den største summen, og vi er svært takksame for at Stiftelsen ser nytta av det gode arbeidet våre frivillige gjer for Søre Tysvær med bygging av halllen. I morgon, er det offisiell tildeling hjå SR-bank i Haugesund. På denne tildelinga vil hallkomiteleiar Narve Susort representere Falkeid saman med styreleiar Gro Sørensen. Medieoppslag som kjem etter dette, vil fortløpande bli lenka til i denne nyhetssaken.
Mikael Benjamin Myklebust
25.05.2018 Kårstø Cup på Radio 102
I dag føremiddag vart det snakka om Kårstø Cup på Radio 102.
Mikael Benjamin Myklebust
25.05.2018 Kårstø Cup - Revidert kampoppsett!
Utkastet til kampoppsettet til Kårstø Cup vart utarbeida torsdag og fredag i førre veke. Etter dette, kom det inn mange henvedelsar, og i dag, tysdag 29 mai, er eit oppadatert og endelig kampoppsett utarbeida, det er endringar i mange alderskategoriar og puljer. 360 kampar er generert, og 102 lag er klare for Kårstø Cup sundag 3 juni, vel møtt!
Mikael Benjamin Myklebust
25.05.2018 Stoke City fotballskule- 7 ledige plassar!
Ønskjer du å vere med på ein heilproff fotballskule med akademitrenarar frå Stike City? Då er du heldig, for det er 7 ledige plassar igjen før fotballskulen er fullbooka. Skund deg å sende ein mail til siljegis@gmail.com for å sikre deg ein av dei siste plassane. Dette er ein fotballskule for 8 til 16 åringar i veke 26, altså måndag 25 til fredag 29 juni. Det er trening frå 9 til 13.30 kvar dag denne veka. Prisen er 1500,-, lunsj er inkludert.
Mikael Benjamin Myklebust
23.05.2018 Ny rekord - 101 lag påmeldt Kårstø Cup!
Det er ny rekord med tanke på antal deltakarlag til Kårstø Cup i den 28 utgåva av cupen. Vi jobbar på spreng for å få til ein framfrå dag for alle besøkande, og ønskjer alle velkommen! Kampoppsettet vil vere klart i løpet av veka, og det endelige oppsettet vert spikra måndag/tysdag i neste veke. Følg med, følg med! Vi gledar oss stort til å få alle på besøk! Følg med på www.falkeid-idrettslag.no framover og lik oss på Facebook, så held du deg oppdatert.
Mikael Benjamin Myklebust
18.05.2018 Norway Cup 2018
7 lag er påmeldt fra Falkeid IL på til årets Norway Cup. Tre lag får spennende motstandere fra det store utland. Puljeoppsettet for Norway Cup er klart og nå begynner vi å glede oss.
Asbjørn Bakken
15.05.2018 Kårstø Cup 3 juni
Ei veke før påmeldingsfristen (21 mai), så er 72 lag er påmeldt årets høgdepunkt for barn fra 6 til 10 år, nemlig Kårstø Cup. Les alt om turneringa, og meld på ditt lag ved å trykke deg inn på lenka under.
Mikael Benjamin Myklebust
15.05.2018 Takk for ditt bidrag i Pantebuå!
Varmgang i pantebuå likar vi, dykk der ute har allereie fylt den nye pantebuå til randen 2 gangar i år! Dette bidreg til god inntjening for idrettslaget, som resirkulerar tomgodset til trygge og gode aktivitetar for barn, unge, vaksne og eldre. Takk til alle som leverer panten sin her, og takk til husstyret som klargjer panten til levering. Hugs å minne naboen, bestemor og tante på at her kan du levere panten til ein god sak, og som ein bonus, slepp du kø, og du kan slenge inn heile posen i eit jafs. Pant alt (sjå Falkeid IL), alltid!
Mikael Benjamin Myklebust
08.05.2018 Bronsefalk- Helgevold Elektro Tysvær!
Helgevold Elektro Tysvær signerte denne veka ei fireårig Bronsefalkavtale med Falkeid IL. Elektrofirmaet som held til på Aksdal Næringspark har allereie oppgradert det elektriske anlegget på klubbhuset med mange større og mindre brannsikrande tiltak. Vidare, har dei montert nye utelys, nye flotte vegglampar i storsalen og tidsur til ventilasjonnsystemet i kjellargarderobane. Les kva Petter Frøyland frå Helgevold Elektro seier i høve signeringa.
Mikael Benjamin Myklebust
04.05.2018 General Saga Bygg er med vidare!
Det er meg ei stor glede å annonsere at Saga Bygg i dag signerte ny 3-årig avtale med Falkeid IL. Saga Bygg har i ein mannsalder vert den største og mest vitale samarbeidspartneren til Falkeid IL, og dei har i like mange år levert formidabel service. Byggmesterfirmaet som heldt til på Haugaland Næringspark ser samfunnsnytta av dugnadsinnsatsen som gjerast i idrettslaget, og ønskjer med samarbeidet å støtte opp om den formidable jobben som gjerast i så måte. Les kva driftsleiar i Saga Bygg, Narve Susort, seier i høve forlenginga av samarbeidet.
Mikael Benjamin Myklebust

Kontonr. Falkeid IL:3240.09.60495 (Haugesund Sparebank)

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift