Skånevik

Fotball 1945-1965

Fotball 1945-1965

I 1945-46 var det på'an igjen og Skånevik spela i 3. divisjon i Sunnhordlandsserien. Deretter vart det 2. divisjon og vekslande mellom A- og B-pulja i kretsen.

Frå Sunnhordland Fotballkrets sine protokollar kan me lesa sluttabellane som viser store svingingar for Skånevik sitt vedkomande. Frå topp til botn, på midten og omvendt. Opp og ned som ein ”Jojo”. Interessa, aktiviteten og prestasjonane var i Skånevik finfine, både innan A-lags og Gutelag’s fotballen, fram til 1963. Då stoppa all serie-fotball. Laget vart liggjande nede, og våkna ikkje skikkeleg før i 1966. Frå då av ny påmelding i serien.
Olav Eikemo var ein sentral person i idrettslaget både på og utanfor banen. Han har i ei av sine mange fotballviser fått med noko som alle fotballinteresserte frå den tida hugsar:
Ølens-kampen (klipp frå visa)
-        ”Med skuta frå Åkra, til Ølen me åka.
-        Ragnvald den sabben, traff ballen med labben.
-        Og at det i Ølen, slik ende sko få,
-        Eg kan ikkje tru det, endå” osv.
Ja her var det stemning. M/S Åkrafjord, med skipper Brekke reiste frå Ølen med alle signalflagga til topps. Seier, og fullt av glade spelarar og tilskuerar om bord. Kva som var så spesielt med dette, å vinna over Ølen? Jo, då det var 15 minuttar igjen av kampen, leia Ølen 3-0. Kampen snudde seg totalt det siste kvarteret, og Skånevik vann 4-3. Fire mål i ein kort innspurt var ein knallgod prestasjon. Inspirert av A-laget og heiagjengen vann gutelaget 8-1 i ein kamp straks etterpå. Håndballaget var også med og gjorde ein god kamp. Den turen går i historien.
Dei glade stunder er lettast å minnast. Å vinna over ”storebror” Stord hende ikkje ofte, men det førekom. På Stord i 1950 vann Skånevik 1-0. Målet vart laga av Jacob Bull Tornøe, på eit kanonskot frå 55 meters hald. Me slår ikkje av ein centimeter, på denne avstanden. Det luktar svidd enno. Otto Ness må etter denne kampen utpeikast som mester i uthalingstaktikk. Så mange lange ballar har vel neppe, korkje før eller sidan, blitt sparka over sidelinja frå Åsbanen, og nedover mot havna på Vikjo.
Odda var også eit av dei laga, som var vanskeleg å møte. Me skal raskt nevna at i 1958 tapte Skånevik 15-1 i Odda. Det var ei kanonåpning, der Skånevik leia 1-0. Trøstemåla kjem oftast først dei… Mon dette tapet i Odda er klubbrekord galne veien, for Skånevik sitt A-lag?
I fotball går det ofte heitt for seg. Når det så i tillegg er over 30 grader i skuggen, slik som det var i ein kamp i Uskedal, i 1949 var det lurt av dommarane å blåsa av. Det vart ein god pause, der alle spelarane tok seg ein dukkert i elva, før kampen  kunne halda fram. Då var det varmt då…
Serieavslutningen i 1952-53 var kollosalt spennande. Uskedal og Skånevik låg heilt jamnt til opprykk. Den ivrige formannen i Uskedal IL tok turen til Skånevik som skulle møta Fonna i ein avgjerande kamp. Han kom med freistande tilbod til Fonna. ”Slå Skåneivk. Tap i alle fall ikkje med meir enn 2-0, så skal doken få dotter mi”. Resultatet vart 6-1 til Skånevik…
Trio var i Skånevik i 1950-åra i ein kamp på Øspehaugbanen. Der fekk dei seg ein vekkjar, 10-0 til Skånevik. Ein spelar på Trio kommenterete etterpå: "Takka for da, - på denne banen. Der låg jo ein skånevikar og lurte bakom kvar einaste tua..."
I denne 20-års perioden vart Skånevik kretsmeisterar i 1953 og 1956.
 
Frå Jubileumsboka s 53-58
 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift