Skånevik

Medlemer og kontingent

Medlemer og kontingent
Å vera medlem i Skånevik Idrettslag har alltid vore ein billeg fornøyelse. Aldri har det vore viktigast å få pengehjelp til lagskassen denne vegen. Viktigare har det vore, og er det å få flest mogleg med som medlemer, helst heile bygda!
I 1935 starta laget med 25 medlemer. Kontingenten var kr 1,- for vaksne og kr 0,50 for dei under 16 år. Etter krigen i 1945 var det forslag om å auka satsane til kr 5,- og kr 3,-. Dette vart nedstemt fordi det var alt for mykje. I staden for vart det nå kr 2,- og kr 1,-. Medlemstalet var oppe i 87 personar.
Denne kontingenten vart ståande uendra heilt fram til 1959. Då gjorde den eit lite hopp, og me les: ”Kontingenten blir å forhøye til kr 3,- for voksen og kr 2,- for ungdom.”
Diskusjonar om medlemskontingenten kan me lesa om meir og mindre heile veien frå 1965 til 1973 då det vart vedtatt: Aktive kr 15,-, støttemedlemer kr 10,-, skuleungdom kr 5,-.
I 1985 hadde laget 450 medlemer og kontingentsatsar på kr 100,- og 50,-.
Frå "Jubileumsskriftet" s 51
I 2016 er medlemskontingenten kr 1600,- for familie, 800,- for vaksne enkeltmedlemer og kr 500,- for born. Dette er likevel ein god del billigare enn mange andre idrettslag og ei god investering i helsa!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift