Fitjar Idrettslag

Orientering

Orientering

 

Bli med på stolpejakt,

turorientering og 

vanlege o-løp i 2019

 

Velkommen til ny O-sesong!


Me gler oss til ein ny og aktiv o-sesong, og håpar at du òg blir med – og at du utfordrar venner og nye familiar til å bli med på denne flotte familieaktiviteten.
I år blir det Fitjarkarusell omlag anna kvar onsdag, og me håpar fleire vil bli med på tysdagsløpa på Stord og andre plassar i Sunnhordland.
Me kjem også i år til å leggja ned mykje arbeid for å kunna tilby turorientering, nybyrjarkurs, Finn fram-dag, Midtfjelletdag med Møllesprint og løp ca anna kvar onsdag – og eg håpar at mange vil finna vegen til arrangementa våre.
TurO postane vert i år lagt ut i områda Øvrebygda/Surefjellet, Selevik og på Tveitafjellet. Mange av postane ligg lett tilgjengeleg langs skogsvegar/stiar. Me kjem til å halda fram med Grøne løyper for alle i Rossneset, Selevik og Øvrebygda.
Stolpejakta vart ein formidabel suksess i fjor og me kjem til å halda fram med tilsvarande opplegg i år også. Me flyttar litt på dei fleste postane og kan registrera postane ved hjelp av ein app på mobilen, og dermed også bli del av eit landsdekkande opplegg.
I år vert det fleire Finn-Fram-Dagar. Den første blir i Rossneset 7.april, same dag som me opnar stolpejakt-sesongen. Me legg opp til ulike aktivitetar og kiosk med sal av pølser i brød, kaker og saft m.m. Dei andre Finn-Fram-Dagane legg me opp til grilling av medbrakt grillmat.
Midtfjelletdagen med Møllesprinten og motbakkeløpet «Først til mølla» er planlagt 7. september. Det er femte året me inviterer alle som har lyst til ein flott dag på fjellet, og har du lyst å prøva ei o-løype, er det berre å melda seg på. Kanskje me blir over 100 o-løparar denne laurdagen.
Me har som i fjor poengsystem for kvart løp, der totalsummen avgjer kor stor premie du skal få på Klubbkvelden i november. Her vil lokale løp på Fitjar gi 1 poeng, andre løp på Stord gir 2 poeng og løp utanfor øya gir 3 poeng.
Me håpar på å få fleire med på løp utanfor øya – og ønskjer å få med mange til Odda 2-dagars 24.-25. august eller DM i Sogndal 31. august. Det er òg mange andre kjekke løp i Hordaland og Nord-Rogaland som me må prøva å få med oss.
I Sunnhordland er det løp kvar tysdag heile sesongen, og me vil oppfordra fleire om å bli med på desse løpa. Ta gjerne kontakt med nokon for felles køyring – Spør om å få sitja på med nokon som skal, eller inviter nokon med deg om du likevel skal kjøra.
Håpar å sjå deg igjen, og at du får ein fin og aktiv 2019-sesong på jakt etter o-postar.

 

Helsing Øyvind

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift