Tjørvåg IL

Nyheiter

Nyheiter

VELKOMEN TIL TRIMGRUPPA!

 

Aktivitetar i  Tjørvåg IL - Trimgruppa i 2019
 

FJELLTURAR/REBUSLØP/FAMILIEDAG i begge bygdene:

Trimgruppa ønsker å arrangere felles aktivitet nokre gongar i året. Fyrste arrangement var «Skåla opp» og rebusløp i april.

Du kan også støtte Trimgruppa på konto nr: 3910 49 85142
OBS: Hugs å merke innbetalingane med «støtte trim»

Tusen takk til deg som vel å støtte oss. 

 

FJELLTRIM MED TURBOK PÅ 14 TOPPAR

Alle som skriv seg i boka vert med på ei trekking til hausten.
Du finn meir info om toppane under vedlegg. 

 

«TURSTIPROSJEKTET I MYRVÅG OG TJØRVÅG!» 

Turstiprosjektet er eit samarbeid mellom Tjørvåg Idrettslag, Myrvågtoppen grendalag og Myrvåg grendalag der vi merkar turstiar. Vi har til no merka ca 45 km med sti. Under vedlegg finn du oppdaterte kart. Du finn også meir info om turane under Relaterte Nyheter på høgre sia her.

Følg oss gjerne på facebook gruppa vår. Du finn meir informasjon om rutene her:
Til Topps med Tjørvåg IL : https://www.facebook.com/groups/1648047775411894/

Du finn også informasjon om turane på www.morotur.no og søk på Herøy

 


 

Dametrim 2019:

Dametrim på Stokksund Skule vår og haust – 1 til 2 gongar i veka.

Måndag / torsdag 19.15 - 20.30
Vi trenar ca 1 t. Oppvarming, Sirkeltrening med styrke og kondisjon, Uttøying/Avspenning.


Er du interessert / vil vite meir så kan du legge deg til Facebookgruppa vår. «Dametrim Stokksund (https://www.facebook.com/groups/1460469340687278/)
eller følge med på nettsida under Trim / Facebook til Tjørvåg IL.

Alle som deltek på dametrim må vere medlem i Tjørvåg IL – trimgruppa – kontingent kr 200,- pr år. 
I tillegg kjem treningsavgift. Denne vil variere med tilbodet.

 

GURSKØYA RUNDT PÅ SYKKEL

Gurskøya rundt vert arrangert kvart år i samarbeid med dei andre IL på Gurskøya. 
Den vert arrangert siste helga i august og IL bytta på å vere hovudarrangør. 
Tjørvåg IL har start ved Stokksund skule, der det også er mogleg for ein stopp og litt å bite i. 
Ein vel sjølv kva bygd ein vil starte i. Kvart år vert det trekt ut ein vinnar av ein sykkel/gåvekort. 
I tillegg er det lokale premiar som vert trekt. Løypa er ca 47 km lang. I 2019 er det 36. gong løpet vert arrangert.

Meir info kjem når det nærmar seg datoen.
 

-------------------------------------------------------------------------
 

HAR DU LYST Å STØTTE ARBEIDET TIL TRIMGRUPPA/TURSTIPROSJEKTET?

Vi set pris på all støtte vi kan få. Ikkje alt kan gjerast med dugnad, derfor treng vi
støttespelarar/sponsorar som gjer at vi kan fortsette arbeidet vårt bl.a med å merke fleire stiar, nye turmål med kasse og vedlikehald.

Du kan støtte på fleire måtar:
VIPPS # 516938 Tjørvåg IL Trimgruppa
Konto nr: 3910 49 85142
OBS: Merk innbetalingane med «støtte trim»

Vi treng sponsorar til turbøker, gevinstar til fjelltrimmen mm. Er du interessert så ta kontakt med leiar
Elin Hundsnes mobil 918 52534 eller epost elin@tussa.com

Tusen takk til deg som vel å støtte oss.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift