Il Høyang

Krøllgrasbane

Krøllgrasbane

Kunstgrasbana ligg like ved siden av grasbana. Bana var anlagt i 1999 på den gamle grusbana. Dekket vart den gongen lagt med sand, og vart renovert sommaren 2007 då sanden vart erstatta med gummigranulat. Dette gav eit underlag med mykje betre demping, og er eit anlegg ypparleg til både trening og kamp. Anlegget er flittig i bruk både sommar og vinter, og har også vore leigd ut til gjestande lag for treningskampar.

Sommaren 2011 vart det gamle dekket fjerna, og det vart lagt eit heilt nytt og moderne dekke, slik anlegget framstår som moderne med meget godt underlag.

Fotballkretsen nyttar anlegget regelmessig til krets- og sonearrangement. IL Høyang arrangerer også årleg fotballskule på dette anlegget.

IL Høyang

Adresse: Postboks 244

Postnr./sted: 6991 Høyanger

Telefon: 90679339

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift