Stord Sykleklubb

Stord Sykleklubb

Stord Sykleklubb

Stord Sykleklubb skal fremme sykling og sykkelglede i eit godt miljø for sykkelentusiastar i regionen

I trening og utvikling skal me bygge robuste syklistar i eit trygt miljø, ein kultur som tar vare på kvarandre uansett tap eller seier. All utviklingsarbeid i Stord Sykleklubb går via samhandling og lag-bygging. Å utvikle gode individuelle eigenskaper gir eit sterkt kollektiv, som gir eit trygt treningsmiljø for utvikling av enda sterkare individuelle eigenskapar. Samhandling er å nytta den enkelte sine sterke eigenskapar til at andre utviklar komplimenterande sterke eigenskapar.

 

Stord Sykleklubb er ein open og inkluderande organisasjon, med varm og folkeleg sjel.

Å møte Stord Sykleklubb som organisasjon, på trening, på våre ritt eller arrangement skal ein ha ei folkeleg stemning. Me er ein open sykkelklubb, som deler raust våre historier, erfaringar og kompetanse. Me skal opplevast som eit naturleg sosialt midtpunkt.

 

Stord Sykleklubb er ein identitet, kultur- og verdibyggar, med sunne, ærlege og reine haldningar og verdiar

Me er eit Reint Idrettslag. Klubben skal ha gode førebileter for yngre eller syklande med mindre erfaring. Me gir me kvarandre konstruktiv rettleiing, delar kunnskapar og erfaringar om sykling, trening og konkurransar. Me arbeidar kontinuerleg for å skape gode haldningar blant våre syklistar.

 

Stord Sykleklubb er ein organisasjon som aldri står stille, men jaktar framsteg og utvikling.

Gjennom kunnskapar og erfaringar blir klubben forutsigbar, men samtidig gir meir kunnskap og erfaring evne til fleksibilitet. Stord Sykleklubb må ikkje vere redd for å møte utfordringar og motstand. Samtidig må ein ikkje forlate kva ein trur på. Grunnsteinane i organisasjonen skal vere sunn økonomi, god organisering og kompetante avgjersle.

 

Stord Sykleklubb er ein totalsykkelklubb

Me har og skal ha syklistar på ulike nivå, med ulik kunnskapar og erfaringar, med ulike føresetnader og eigenskapar, med ulik motivasjon til å møte utfordringar. Klubben tar høgde for at ulikskapane og vil vere fleksibel til å tilpasse behov og tilbod for flest mogleg av våre medlemmar.

 

Trening er å møte motstand, og takle ny og større motstand

 

Stord Sykleklubb
Postboks 726
5404 Stord

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift