Stord Sykleklubb

Stord rundt

Stord rundt

Søndag 19.august 2018 arrangerer atter ein gong Stord Sykleklubb det tradisjonsrike sykkelrittet Stord Rundt.

 

Start og mål er Vestlivegen like ved parkeringsplassen for Prestegardskogen idrettsplass.

I tillegg til dei tradisjonelle Trim- og Tur-puljene er ‘Offroad/Hybrid og El-sykkel’. Offroad-/Hybridpulja er for dei som vil sykle fortast mogleg på offroad- eller hybridsykkel, det er kun denne pulja det er mulig å bruke offroad. 

 

Løypa er omlag 61 km, start ved rundkøyringa i Vestlivegen like ved parkeringsplassen til prestegardskogen idrettsplass, turen går til Hystadvegen vidare ut mot Rommetveit og Samhald, forbi HSH så opp til E39. Følg E39 til Sandvikvåg, ta til venstre mot Fitjar. Ta til venstre i Fitjar sentrum opp forbi Kyrkja og følg Rv. 545 til Heiane. Deretter er det inn på E39 til Ådlandskrysset, ta til høgre opp mot Vestlivegen (Fv.58) å forsett fram til MÅL. (Statens Vegvesen melder om noko vegarbeid lags trasèen som me må ta omsyt til, kan bli endringar)

Få med deg naboen, eller ein kollega og still opp for ein fin runde rundt øya.

 

Meld deg på HER

Løypekart finn du HER

 

Startnummer MÅ hentast på Intersport, Heiane butikkens opningstider.

(Er du tilreisande eller av annan grunn ikkje har høve til å hente den der, får du det ved start.

OBS OBS! Vær ute i god tid)

 

Starttider: 

Turritt: kl. 09.50 - 350kr - Klassen for dei som vil sykle raskast mulig rundt øya.

Trimritt: kl. 09.55 - 300 - Klassen for dei som vil ha ein fin tur rundt øya på racersykkel.

Offroad/ hybrid og El-sykkel: kl.10.00 - 300kr

 

01/08 auker prisen med 100 kr.
13/08 auker prisen ytterlegare 100 kr.

 

Arrangør kan omplassere deltakere frå tur-klasse til trim-klasse om tur-klassen overstiger 100 påmeldinger.

 

Me vil minna på at trafikkreglar SKAL følgjast, i år vert det tre Politivakter i tillegg til andre vakter.

 

Det vert kafé i telt på parkeringsplassen til idrettsanlegget, etter rittet!

Der vert det sal av betasuppa, kaker, kaffi, brus osv.

Det vert garderobar med moglegheit for ein varm dusj.

 

Stord rundt 2018 med barneritt

 

VEL MØTT ! 

Stord Sykleklubb
Postboks 726
5404 Stord

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift