Stord Sykleklubb

Kattnakken Opp

Kattnakken Opp

Løypeinformasjon:

Kattnakken Opp startar på Saneset ved Ådlandsvatnet på Stord, omlag 20 moh. Vidare syklar ein opp til Fjellgardane, der ein tek til venstre mot Lundsæter. Omlag 300 meter etter Fjellstova, tek ein til høgre opp mot Kattnakken. Her er det eit kort parti med grusveg (ca. 500 m), før stigningane mot Heio byrjar. Desse stigningane er asfalterte. På det brattaste er det over 20%. Når ein kjem til Øvre Heio,vert det på ny grus. Dette gruspartiet går heilt opp til målgang ved masta på Kattnakken (720 moh.). Etter bommen på Øvre Heio er det parti med 22% stigning!

Det er ein del rytterar som klarer å sykle opp med racer, men då bør ein ha kompaktkrank (50/34) og kanskje 28, 30 eller 32 som lettaste utveksling bak. Mange nyttar MTB-sykkel, og nokre nyttar hybridsykkel.

Stord Sykleklubb
Postboks 726
5404 Stord

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift