Stord Sykleklubb

Historie

Historie

Den 17.10.1983 vart Stord Sykleklubb stifta etter initiativ frå Thor A. Andersen(formann), Per Magne Vik(sekretær), Alf M. Geitle(kasserar), Asbjørn Grov(styremedlem) og Ole Raunholm(styremedlem).

Det vart bestemt at klubben skulle drivast som eigen klubb etter NIF’s lover.  Initiativtakarene fungerte som interimstyre fram til første ordinære årsmøte i oktober 1984.

Styret avtalte med Stord Turn og I.L. om å overta sykkelrittet ”Stord Rundt” i 1984.  Dette hadde skeisegruppa starta eit par år tidlegare.

Dette rittet ville ein også ha som mål å få terminfesta i Bergen & Hordaland Cyclekrets si terminliste frå same år. Etter at formell godkjenning frå kretsstyret låg føre, vart det 14.11.1983 sendt ut ei pressemelding i bladet Sunnhordland om at klubben var stifta.

Det var håp om å klara å skaffa 25-30 medlemmer den første tida, og det vart arbeidd med å skaffa ein ”kjendis” frå sykkelmiljøet for å få litt ekstra publisitet og dermed større interesse.

På nyåret 1984 vart det vedteke kjøp av drakter. Desse skulle vera azurblå med raud og svart tverrstripe og raud besetning.  Ti stykker vart bestilt.  Sidan har det vore fleire variantar av drakter fram til den kvite, orange og svarte som er no. Det vart ordna sponsoravtale med Postbanken som skulle gjelda dei to første åra.  Denne hadde ein verdi på kroner 6000,-.  Årskontingenten vart sett til kroner 100,- for vaksne medlemmer.

Det har vore stor aktivitet i klubben gjennom alle år, med hyppige møter og avvikling av ymse ritt.  Det største rittet har alltid vore ”Stord Rundt”, og det var allerede i 1984 med heile 150 ryttarar.  Fleire typar ritt er blitt arrangerte opp gjennom åra.  Alt frå temporitt rundt Hystad til gateritt i Borggata i Leirvik sentrum i 1992.

Det har også vore fleire morosame hendingar.  Som då Asbjørn Grov skulle sykla Haugesund-Odda rittet og hadde gløymt sykkelskoa sine.  Ein syklist let seg ikkje stoppa så lett, og løysinga vart at han fekk hjelp til å teipa føtene fast til pedalane.  Han fullførte heile rittet, men hadde forståeleg nok litt meir smerter i føtene enn normalt.

Fleire av personane som stifta klubben er framleis svært aktive, og kan spesielt nemna Per Magne Vik og Ole Raunholm som dei fleste har problemar å halda fylgje med den dag i dag.

Stord Sykleklubb
Postboks 726
5404 Stord

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift