Rittrapport Spar Cup #6

23 startande i det sjette temporittet. Vèret tok omsyn til at det var sykkelritt på Stord, og stemninga var som alltid god.

Freddy Dagsland (Stord SK) gjekk for 23 talet, men 24.02 holdt likevel til siger. Gunnleiv Gjøsæter og Vidar Siggervåg (begge Bømlo SK) tok dei neste plassane i tempoklassen. Victoria V. Hafsmo (Stord SK) tok sigeren for kvinner i tempoklassen, med Elisabeth Grov (Bømlo SK) på andre plass. 

Morten Storesund (CKH) har verkeleg formen inne, og tikka inn på sterke 24.38 i klassen for racer. På dei neste plassane finn me Kjell-Ove Sele (Bømlo SK) og Vidar Mæland (CKH). I klassen for kvinner på racer tok Hanne Kvamme (Stord SK) sigeren. 

Det går mot haust og me var godt nøgd med at vèret hadde ei luke sol. Sjølv om det var noke meir vind enn førre tysdag, var forholda upåklagelege. Det same må ein seie om baksten til Liv Valen. Så om ein skal utnemna superprestasjon til 10 poeng på børsen, er ho og mannen Frode dei me sett størst pris på rittdagen. Takk til vaktar, det blir ikkje ritt utan vaktar og dei som legg til rette for oss som leikar at me er Fabian Cancellara (heilt til resultate kjem på EQTiming).

Resultata frå Spar Cup #6: 

https://live.eqtiming.com/42701#result

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift