Rittrapport Birkebeinerrittet 2018

Birkebeinerrittet går frå Rena til Lillehammer. Dei 86 km over fjellet har oppturar, nedturar, skogsveg, smal-sti, folkefest, takt fast heia-rop og oppleving i saman med kring 20-25 kjekke sykkelvener frå Stord og Fitjar. I det heile ei strålande helg for ein førstereis-gut...

Fredag reiste me fleire frå Stord over fjellet til Lillehammer. I bilen blei det fortalt historiar om utrolege bragder, morosame hendinger og sjølvskryt stor underholdning for ein uerfaren terrengryttar vart hengiven av. At eit enkelt ritt kan inneholde så mykje, var ukjend. Stemninga var god, og då me kom på hotellet svinga stadig fleire frå Stord og Fitjar inn på parkeringsplassen. Klargjering av syklar, middag og meir sosialt til eg fekk melding om å gå å legge meg.

Laurdagen starta tideleg. Mobilklokka sto på 04.45. Frukost, før me trilla ned bussane som skyssa oss til Rena. Eg hadde tinga skyss klokka 07.00, som var seint i forhold til fleire andre med tideleg start. Allereie i pulje 2 starta Alexander Horneland, som var godt i gang over fjellet då Grete, Jostein og eg kom til Rena klokka 09.30. Med start i pulje 45, klokka 11.45 fekk Jostein og eg med nesten alle puljene med Stord og Fitjar syklistar frå starten. Det var eit yrande liv og røre i sentrum i timane fram mot min eigen start. Timane gjekk fort, men stadig færre og færre syklistar i startområdet. Til slutt var det berre nokre få. 11.45. Pang!

Eg hadde ikkje noke strategi før starten gjekk. Frå langt bak i feltet såg eg tideleg at her var det mange som tok turen over fjellet som ein hyggetur eller at ambisjonen var å ha gjennomført Birken som ein del av CV`en. Ikkje alle var syklistar i pulje 45, men dei fleste nok hadde både utfordringar og gleder over fjellet. Frå 0,1 km blei strategien å gje gass og kome meg opp og fram. Og håpe på ei betre seeding neste gong.

Dei 13 første kilometerne avanserte eg mange og starta å ta igjen startande i pulje 44, 43, 42, 41... Det vart mange å passere. Eg kikka kring meg, og leita etter samarbeidspartnare, men lite å hente. (Ser at det kan framstå som sjølvskryt, men erfaringa eg sitt igjen med er at tur hadde vert lettare med seeding lengre fremme).

For min eigen del hadde eg høyrd om fleire av stadane og partia i løypa, og plutselig forsto eg at eg kome til gåpartiet, singel-track eller Rosinbakken. Kilometerne til mål tikka ned. I Rosinbakken, 31, 30, 29, 28...46, 47. Wow, blei passert av to stykk frå puljer bak. Heldigvis var det berre to.

Siste del av rittet er frå Sjusjøen og ned til Lillehammer. Her gjekk det raskt. I dei brattaste bakkane kom dei eg passerte på flatane forbi. Eg er ikkje tøff nok nedover. I Ballettbakken blei eg passert av ei med blått hår, trur ikkje ho hadde korg frampå styret. Siste bakkane ned til mål stod heile gjengen i Norges Gruppen sitt sponsortelt, og eg gløymde nesten å trå i mål. Stas med heiagjeng. I mål med greit gjennomføring av første terrengritt EVER!

Fleire fekk gode tider og personlege rekordar. Alexander Horneland leverte eit kjemperitt, og er no Stord raskaste birkebeinar på sykkel med tida 2;56.13.

Rapporten kunne fortsett med ein lang skildring av kvelden og feiring, men den er kun for dei som var tilstades. Så kan alle andre berre melde seg på til neste gong. Det skal eg, for opplevingane rundt var det verdt strevet over fjellet. Takk til Larsen`ene i Fitjar, Norges Gruppen og Engelsen AS, og elles alle andre som gjorde min første Birkebeinerritt til eit evigvarande minne.

Resultata finn ein her:

https://birkebeiner.no/no/resultatservice

Til slutt, Gisle Vik velta. Han fekk rask og profesjonell hjelp. Det blei skrubb og sår, nokre sting og ein hjerneskaking. Sykkelvener av Gisle ønskje han god betring.

REF.: Remi A. Sortland

Vedlegg

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift