Fellessykling veke 36

Jostein rundane og 9 rundane fortsett heile året.

Torsdag 6. Rolig tur frå Valvatne og vidare kjent rute gjennom Landåsen, over Lønning, Parken, Ådlandsvatnet og opp forbi Økland / Vad. Tok turen ned forbi Vatnagarden, før me kom ut ved Møllebrua. Heim gjennom Leirvik / Heiane. Rolig tur med nokre rykk i mottbakkane. Vidar Jostein H og me Jostein var med.

REF Jostein (MTB)

Laurdag 8. var Freddy, Sindre, Bjarte og Knut på tur rundt Stord. John Henry og Ole Christian møtte oss etter Fitjar og blei med. Det var haustleg ver, våt vegbane, vindstilt og roleg tempo.

Søndag var det mildt og stilt opphaldsver, og det gjekk roleg med Egil, Jostein og Knut. Mange hadde reist til Tysværrittet, og nokre få har kanskje ein velfortent pause etter ein hard sesong. Det er likevel ikkje dumt å vera med på helgetreningane, og turane held fram gjennom vinteren.

REF. Knut (Landevei)

           

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift