Rittrapport Kattnakken Opp

Laurdag 15. september klokka 12.00 stod 24 ivrige syklistar til start på den tradisjonsrike sesongavslutninga i Stord Sykleklubb.

Dagane før var vèrmessig dårlege og arrangøren var lenge usikre på om det var verdt bryet. Med meir enn 15 påmeldte gjekk me for ritt. Liv baka lappekake, kaker og kokte kaffi. Det vart rigga og ordna. 

Regnbogen stod over Stord og sola skein då syklistane stod klare til start. Starten gjekk i eit forrykande tempo i front. Morten "Klatremus" Storesund klarte å riva seg laus og hadde ein god leiing på nestemann då han valte å sjå nærare på Kraftstasjonen. Ringreven Gunnleiv lot ikkje sjansen gå frå seg og gjekk dermed til topps. 

Tidtakarane knaska kransekakedeig og det gjekk difor seigt oppover med dei. At dei rakk opp tidsnok er eit under (for religiøse oppvakning har det vore mykje av på Stord dette året).

Menn:

1. Gunnleiv Gjøsæter, Bømlo SK - 38.07.18. 

2. Kjell-Ove Sele, Bømlo SK - 40.39.12

3. Oddmund Roaldkvam, Stord SK - 41.33.82

 

Kvinne:

1. Kjersti Kvamme, Bømlo SK - 56.07.45

Som er meir enn eit år føre neste kvinne (håpar fleire stille neste år)

Fleire resultat finn ein på: https://live.eqtiming.com/44291

 

Takkar alle deltakarar, vaktar, publikum og dei to hottentottane i ein sort Golf for spanninga denne dagen!

Velkomne til neste år!

 

REF: Remi A. Sortland

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift