Tygg trafikkavvikling - eit samarbeid på vegen

Jostein Vanderskog frå Statens Vegvesen var i går på Stord å snakka med dei 18 frammøte om tryggleik og samhandling mellom sykkel, bil og andre trafikantar. Det var ei grundig orientering om rettar og pliktar, haldningar, fakta om temaet, samstundes som han utfordra publikumet med problemstillinger knytt til tema.

Stord Sykleklubb hadde invitert politikarane i Fitjar, Stord og Bømlo, lokal presse, trafikkskular, persontransport-næringa, politi, Sykkelbyen Stord og sykkelklubbane i Bømlo SK og Stord SK sine medlemar. 15 syklistar, 2 kjøreskulelærar og Venstre sin Geir Angeltveit møtte. 

Hovudpoenga til Jostein Vanderskog var:

- Trafikkreglar er til for å sikre forutsigbare og trygge forhald for dei som ferdast.

- Bilistar har liten og snever forståing for landeveissyklistar, og hovudkimen til konflikk på vegen er at bilistar har ei kjensle av å vere forhindra i trafikken av syklande.

- Landeveissyklistar har rett til å vere i vegen, rett til å sykle og trene i gruppe. To rekke kan vere hensiktsmessig.

- Syklande som bryt trafikkreglar provoserar. Sykling på raudt lys vart nemnt som døme.

- Syklande bør ikkje veksle på å vere trafikanter i vegen til å vere syklande på gang- og sykkelveg. Vekselsykling er farleg.

- Landevegssyklande på gang- og sykkelveg, bør ikkje som gruppe vere der. Singel-landeveissykling kan vere der, men dog må ein ta omsyn til gåande. Passere i tilsvarande gangfart.

- Ulykkestatistikken går generelt ned, men ikkje for syklande. Den går opp.

- Syklande involvert i ulykke er hovudsak på grunn av at dei ikkje gjer seg sjølv synlege.

- Bilkk-kontakt er den beste forebyggande tiltaket for å unngå ulykker.

- Transportplan var klar på at ein ønska fleire syklande i framtida. No var talet 4,5 %. Målet var 8 %. Av 100 ganger ein skal frå A til B, skal 8 ganger vere med sykkel.

Mange interessante problemstillingar. Dei frammøte fekk ei unik sjanse til å stille spørsmål, og det kom gode svar. Stord SK trur at ein gjennom denne kvelden fekk auke fokus og kunnskap på viktige område om temaet. Håpet er at dei kunnskapane ein sitt igjen med gir større fokus på kva me som syklistar kan gjere for trygg og god trafikkavvikling for alle som ferdast på vegen. Og vidare at bilistar har større forståing av kor kjekt sykkel kan vere for oss som nyttar den mykje.

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift