Fellessykling veke 38

Sesongen er slutt når det gjeld konkurransar, men det kjem ein ny sesong til våren. Det kan vera lurt med ein rolegare sykkelmånad eller to, før vintertreninga startar, og denne tida kan nyttast til andre aktivitetar. Fellestreningane held fram i vinter til vanleg tid, laurdag og søndag frå Esso kl. 9.

Torsdag 20 september: Rolig fin tur i kjent løyep frå Valvatne mot Økland / Vad, ut på Fjellgardanevegen ned og forbi Fjellgardane, opp og rundt Ådlandsvatnet. Ut ved Møllebrua og heimatt. fint sykkelvèr. Per Harald, Geir, Rolf, Jostein H og meg Jostein sykla i kveld. 

REF. Jostein A.

Laurdag 22. september var rapportskrivaren værfast i Bergen, men møtte 5 ryttarar på veg til Sandvikvåg om morgonen, m.a. Espen, Ole Christian og Egil V..

Søndag 23. september var værmeldinga bra, og Vidar, Espen, Nils Arne, Bjarte og Knut starta i tett regnver kl. 9, og hadde ein tur rundt øya med kraftige regnbyger og eindel vind. Sjølv Yr.no kan ta feil! Espen drog feltet den meste tida, og det gjekk jamnt og fint.

REF: Knut G

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift