Planlegg Trener 1 utdanning

Stord SK ønskje at fleire syklar og har planar om at klubben kan ha eit betre tilbod om sykkeltrening for barn og unge i framtida. Stord SK har difor tatt eit initiativ til å utvida kunnskap og engasjement gjennom utdanning av trenare.

Det har gått ein e-post til NCF for å få i stand eit Trenar 1 kurs i nærleiken. Det er eit krav om minimum 8 deltakare for å gå i gang. NCF er positive til initiativet.

Vidare har Stord SK sendt ei invitasjon til Haugalandet for å lodde stemninga for fleire kursdeltakare. Det er allereie fleire interessert.

MÅL
Utvikle trenare som kan skapa god aktivitet og eit godt miljø på sykkeltreninga for barn, unge og nybegynnare. Trenarkurs gjeld opp til 14 år.

Kurset har fire delar:
1. Teorihelg 16 timar
2. Praksishelg / Aktivitetslederkurs 16 timar
3. E-læring 13 timar
4. Praksis i eigen klubb 45 timar (leiar i klubben attesterar)

Tid og stad er ikkje stadfesta.

Intresse kan meldast til Remi 97100655.

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift