Fellestrening veke 40

Det er haust, men fortsatt trør ein rundt både i skogen og på landevegen.

2. oktober, flott sykkelvèr på tysdagsturen i kveld. Turen gjekk frå Valvatne gjennom Landåsen mot Lønning / Parken / Ås / Ådlandsvatnet mot Økland / Vad. Heimover ved forbi Valvatnegardane og inn rundt Ådlandsvatnet igjen. Ut ved Møllebrua. Geir, Rune E., Per Harald, Nils Arne, Ole Christian, Knut G og meg Jostin var med. Turen gjekk utan uhell.

4. oktober og torsdagen tur er ferdig sykla. Vanleg rute frå Valvatne mot Ådlandsvatnet, der me tok stien rundt vatnet mot Saneset og opp mot Vad / Økland / Ådlandsvatnet og ut ved Møllebrua. Følte det var litt brattare denne vegen. Opplevde og eit lite massevelt i Landåsen, der tre stk var innblanda. Gjekk stort sett bra. Var ikkje meg og Kjetil. Ole Christian, Nils Arne, Atle, Kjetil og meg Jostein var med. Greit vèr var det og.

REF: Jostein

Laurdag 6. oktober: Det var ein våt og kald tur for Frode, Espen, Roald og Knut. Det gjekk ganske fort, men jamt.

Søndag 7 oktober var Espen, Dag, Jostein, Truls, Freddy og Knut rundt. Litt mindre jamn køyring, men god trening på denne tida på året. Det var kaldt, snittemperaturen på klokka var 1,9 grader, men det var ikkje regn. Me må nok rekna med salting dersom det kalde veret held seg.

REF: Knut

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift