Fellestrening veke 41 og 42

I "gamle dagar" var fellstreningane rundt øyo konkurransar der det gjaldt å ikkje bli avkjørt. Tankane med helgetreningane er rolege rundar på 2 1/2 time pluss minus 10 minutt, der dei sterkasta må ta det roleg for at alle skal vera med.

Laurdag 13 oktober var svært våt, og berre Espen og Knut våga seg rundt øya frå Esso klokka 9. Ein triveleg og roleg tur.

Søndag 14. var det fleire ryttarar, Åsmund, Jostein, Espen, Per M., Dag, Frode, Egil og Knut. Torleif og Nils møtte oss undervegs og blei med. Litt mindre roleg sykling.

Laurdag 20. oktober tok Frode, John A. og Knut turen rundt Stord. Torleif møtte oss på Raunholm, og me hadde ein fin tur.

Søndagen var det godt gammaldags regnver, dvs. det regna tett heile tida, men Espen, Torleif, Roald, Jostein og Knut drukna ikkje!

REF: Knut


Tysdag 9 oktober: Tirsdagsturen ferdig syklet ,turen starta som vanligt frå valvatne og gjekk i løype gjennom Landåsen mot Økland / vad , rundet ned og forbi vatnagardane og tilbake forbi ådlandsvatnet og ut ved møllebrua. Vart ein minnerik tur, var så vidt me kom forbi ådlandsvatnet 3 -4 plasser var det overvaten. Møtte Jostein H joggende med høge kneløft med vaten til låra rundt ådlandsvatnet. Var ikkje mykje hjelp med regnklær heller . Geir , Knut G og meg Jostein var på tur .

Torsdag 11 oktober: Det vart ein flott sykkel tur ikveld . 16 / 17 grader og sommerfølelse. Start på valvatne og turen gjekk over fjellgardane og ned mot kyvikjo og rommetvet . Heim gjennom Lervik og heiane. Kjetil , Atle , Knut , Geir , Jostein H ,Johnemann , Vidar og meg Jostein var på tur i kveld. Aleksander var innom gruppa tok turen mot fjellet John fylkte på.

Tysdag 16 oktober: Flott tur ikveld , været og temp var på den gode siden . Turen gjekk frå valvatne mot fjellgardane , var innom Landåsen / lønning / parken / ås og ådlandsvatnet . Videre opp forbi Økland / vad . Heimover forbi rommetveit / lervik / heiane . Såg ikkje Elg/ kalv ved sjepåsen som var sett ikveld. Knut , Geir , Kristian , Ole chistian ,Nils Arne , Vidar og meg Jostein var med på turen.

REF: Jostein

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift