Fellestrening veke 43

Kjede, girwire og punktering... Kaldt og salt. Her er nokre av stikkorda for helga som gjekk.

Laurdag 27. oktober kom den første kuldeperioden i haust. Vegen var saltstrødd og trygg, og veret fint for Alexander, Alexander, Espen og Knut. Det er dårlege sykkelvilkår nordom bekkjen, så me sykla rett til E-39 over Sæ. Elles gjekk turen som vanleg rundt øya i jamn fart.

Søndag 28. hadde me det same fine og kalde veret, og sykla den same ruta. Det rauk ein girwire, og me fekk ein punktering, men humøret hjå Espen, John Henry, Freddy, Bjarte, Alexander K., Jostein, Harald og Knut var bra.

REF: Knut

Torsdag 25 oktober: Flott sykkel vær ikveld, vanleg start frå valvatne og samme trasse over fjellgardane og ned til Hsh . Videre mot klingerberg kaien og opp knappane mot samhalden , tøff bakke der ja .Heimover mot Haga tok turen opp forbi prestegarden og over håvåsen, ned forbi krekjen fisk og ut med møllebrua . Heim gjennom Lervik og heiane. Knut , Geir , Thomas , Nils Arne , Gjermund , Fredrik og meg Jostein var med ikveld.

Tysdag 23 oktober: Turen ikveld gjekk i vanleg rute frå valvatne til lervik og videre opp mot fjellgardane og tilbake forbi rommetveit og lervik . Gruppa delte seg etter Vad der nokre for opp og andre tok turen innom vatnagardane . Var mange med ikveld . Geir, Knut , Ole Christian , Nils Arne ,Stian M , Arild , Gjermund +sønnen ?, Thomas og meg Jostein . Thomas var ny fekk ein litt dårleg start med kjedebrudd og retur til heimen , går nok bedre neste gang .

REF: Jostein

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift