Fellestrening veke 44

Det er ikkje lett å finna den farten som høver for alle, men tanken er å ha ei fellestrening som kan vera restitusjon for dei som trenar mykje, ei halvhard trening for dei som trenar mindre og ei ganske hard trening for dei som trenar lite.

Tysdag 30 oktober: Då var me heime igjen . Turen gjekk frå valvatne i vanleg rute mot Økland / vad der me passerte lønning / parken / ås og ådlandsvatnet . Heimover ned forbi vatnagardane og tilbake forbi ådlandsvatnet og ut med møllebrua. Turen gjekk fint , men regn og små kalt var det. Kjetil , Thomas , Stian N , Knut og meg Jostein var med

Torsdag 1 november: Mange til start ikveld . Vanleg start frå valvatne og i kjent trasé mot fjellgardane , ned og over førlandskrysset mot hsh . Videre mot klingerbergkaien tok syretesten opp knappane mot samhald, god bakke der. Haga/ Hystad skule / krekjen fisk / ådlandsbrua og ut ved møllebrua og heim forbi Lervik / heiane. Geir , Knut , Gjermund , Fredrik , Kristian , Nils Arne , Ole Chistian , Jostein H , Olav og meg Jostein var med i flott sykkel vær .

REF. Jostein

Laurdag 3. sykla Frode, Jørgen, John Henry, Ole Christian, Kristian og Knut rundt Stord-øya. Harald Å. møtte oss i Fitjar og blei med. Ruta gjekk via Vestlivegen og Vestbøstad, og var difor noko lengre enn vanleg. Det er ikkje lett å halda roleg, jamn fart i motvind, men alle kom fram!

Søndag 4. var det tørt og mildt, men motvind frå Sandvikvåg. Harald E., Egil, Espen, Truls, Jostein, Per Magne, Olav, Vidar frå Jektevik, og Knut, hadde den same ruta som laurdag, og dei same problema med å regulera farten i motvinden.

REF: Knut

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift