Tjørvåg IL har fått tilskot for god dommarrekruttering i 2018

Under helgas Fotballgalla fekk Tjørvåg IL tildelt 12 500.- frå Sunnmøre Fotballkrets for arbeidet med å rekruttere dommarar.

Foto frå Sunnmøre Fotballkrets si Facebookside

Kretstinget vedtok i 2016 å innføre ordninga med dommarbelønning til dei klubbane som jobbar godt med å rekruttere, utvikle og behalde dommarar på alle nivå. Tjørvåg fekk i 2017 tildelt 15 000,- , og det er gledeleg at vi også i år tildelt tilskot på 12 500,-

Det vart i år som i 2017 gitt totalt 50.000 i tilskot til fem klubbar som jobbar godt med dommerrekruttering og utvikling. Desse fikk tilskot:

Skodje IL - kr. 15.000,-
Tjørvåg IL - kr. 12.500,-
IL Valder - kr. 10.000,-
Emblem IL - kr. 7.500,-
Brattvåg IL - kr. 5.000,-

Desse har i år vore dommarar i Tjørvåg IL.

Amalie Hestad, Arjan Dalsøren, Oskar Eide Storøy, Nora Bigset Aspevik, Åsmund Eide og Jan Olaf Hareide.

Sponsorar

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Grasrotandelen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift