Vinterrebus for born og familiar

Trimgruppa har no lagt ut ein vinterrebus i Djupvikskogen. Håper du har lyst å delta. Premiering. Les meir her.

Info tavle rebusløpet på Halsen

VINTERREBUS FOR BORN OG FAMILIAR

Denne årstida er kanskje vanskeleg å kome seg ut blant anna fordi det er tidleg mørkt på kveldane. Trimgruppa har derfor laga ein vinterrebus som vi håper mange har lyst å delta på. Ekstra gøy er den om ein går den med hovudlykt. Rebusen vil henge fram til ca april.

Dette er ein fin familietur og rebusen er laga for borna (med litt hjelp for dei minste). Du kan kombinere turen med ein rast i gapahuken eller på Pemarka (grillplassen ved Djupvikvatnet) Begge stadane kan ein ta med for grilling. Obs. Husk å sløkke bålet/bålpanna før du forlèt staden.

Har du lyst å bli med? 

Vi har hengt opp 9 refleks med bokstavar og tal på turstien over Djupvikhaugen, Myrvåg. Stien har god rås og er merka med skilt og stikker med refleks. Løypa er 1,3 km og du må gå heile turen.

Du kan gå turen så mange gongar du vil, og til fleire gongar ein går, til fleire lodd 😊. Det vert trekt fine premiar.

Vi kjem til å gjer endringar under vegs, slik at ein må følgje med. Det er ikkje nok å kopiere svaret. Den som vinn må ha riktig svar på dei 4 «postane» på arket. Svaret legg du i postkassa merka med Tjørvåg IL på Kiwi Myrvåg.

Slik gjer du for å bli med: Husk penn!!

  • Du må fylle ut skjemaet. Du kan laste det ned under vedlegg, på Facebook gruppa «Til topps med Tjørvåg IL» eller hente rebusark på Kiwi Myrvåg. (Du kan bruke vanlig ark berre du får med alle svara.
  • Du må finne alle bokstavane og tala. Tala sumerar du og bokstavane skal bli eit ord. (Rebusen blir endra så følg med om du går fleire gongar)
  • På Djupvikhaugen må du skrive deg i boka. Dato og nr på linja du skriv deg i boka må du skrive på arket. (Viktig!! – har du ikkje gjort det er du ikkje med på trekking)
  • I gapahuken vil du finne eit bilde, ord eller ting som du må skrive kva er. (Denne vil bli bytta også)
  • Når du er ferdig med rebusen skriv du namn, alder og mobilnr slik at vi kan ta kontakt om du er heldige å vinne.
  • Legg arket i postkassa merka med Tjørvåg IL som vi har hengt opp på Kiwi.

Litt om turen.

Du kan starte 3 stadar. Sjå kart. Halsen, Djupvika (merka med skilt) eller ved Djupvikvatnet, merka mot Djupvikhaugen, Rjåhornet/Huldrehornet. Det er parkering til 2-3 bilar. Ein kan også gå ein litt lenger tur, å staret der Forsamlingshuset stod, der er det god parkering.

På Djupvikhaugen er det turbok og benk. (Husk å skriv deg i boka og på arket). Husk også å sjekke posten i Gapahuken (merka på kartet). Turen frå Djupvikvatnet kan vere litt vått å gå om det er mykje regn, men det er berre å sko seg rett. Ein går gjennom skog delar av turen og det er ein tur som er lett å gå. Her er god rås og merka. Følg skilt og stikke med refleks. Dei lyser godt opp i mørket.

Skjemaet til rebusløpet kan du laste ned under vedlegg eller på Facebookgruppa "Til topps med Tjørvåg IL. Kan også hentat på Kiwi. 

Sponsor/Premiar

Kiwi sponsar Trimgruppa

I samband med rebusen har også Sparebanken Møre (refleks) og Mondelez / Freia (Premiar) sponsa oss.

Vinnarane vert lagt ut på Facebook og Web sia til Tjørvåg IL. Vi kontaktar dei som vinn.

Har du lyst å støtte arbeidet til Trimgruppa kan du gjer det ved å vippse til nr 516938

 

 

Sponsorar

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Grasrotandelen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift