Ekstraordinært årsmøte tysdag 26 februar - AVLYST!

Ekstraordinært årsmøtet tysdag 26 februar kl 20 - AVLYST!

Sakliste:

1. Ved utbygging av fleirbrukshall på Vassenden og Storhall på Skei kan det bli nødvendig med garanti og økonimisk bidrag til begge prosjekta. 

Dette i samsvar med finansieringsplan lagt fram på tidlegare årsmøte. 

Ordinært årsmøte til Jølster IL er 26 mars. 

Det ekstraordinære årsmøtet er avlyst! Etter tilbakemelding frå Jølster kommune ser dei det ikkje nødvendig med økonomisk garanti for evt ekstraløyvingar til hallane frå Jølster idrettslag. Dette spesielt sidan det er samla inn ein stor gåvesum til hallen på Skei som innfrir det opprinnelege bidrag som var lagt inn i finansieringsplan. 

Når det gjeld hallen på Vassenden har vi enda ikkje fått  informasjon om kostnadsramma frå administrasjonen, og kan derfor ikkje ta stilling om der blir nødvendig med ekstra løyvingar. Dette blir ei sak for kommunestyre kommande torsdag 28 feb.  

Vh Laila Tefre Dvergsdal

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift