https://1drv.ms/b/s!AkeOuXVYpMyBbJmw7z_p45c7pHk | |
Årsmelding frå Styret
Året 2018 var eit nytt aktivt år for idrettslaget. Ein god snøvinter førte til stor aktivitet i skisenteret og i langrennsløypene. Det vart rekordår for skisenteret både i bruk og omsetning.
Skigruppa sto for arrangementa i langrenn og slalåm i tillegg til preparering av langrennsløypa. Dette vart gjort på dugnad og rullerte mellom gruppemedlemmane. God innsats!
Friidrettsgruppa starta sesongen med Matre Rundt 1 mai. Vidare vart det arrangert klubbmesterskap ute og inne. Banekarusell vart det og tid til.
I august var det klart for Bjørn West Triatlon. Dette var vårt sjette Triatlon. Været viste seg ikkje frå si beste side men deltakaranntalet vart likevel bra. Takk til alle som var med på arrangementet som funksjonærar og deltakarar.
Bjørn West marsjen vart gjennomført med to representantar frå idrettslaget på arrangementsida.
På treningsida har me hatt allidrett, volleyball, innebandy og flæsketrim. Etter nyttår har me i tillegg starta opp med turn for ungar opp til 4 klasse.
Tippemidlane for friidrettsbana vart utbetalt og me har kunna betala tilbake forskotteringa som kommunen gjorde for oss.
Våre medlemmar har vore aktive og representert Bjørn West IL rundt om på mange arrangement i 2018. Her er nokre…..
I styremøte i Stordalen Skisenter AS kom det ynskje frå Kommunen om at Idrettslaget starta opp arbeidet med tippemiddelsøknad for nytt servicebygg (klubbhus). Det vart etter dette sett ned ei gruppe som skal arbeida med dette. Det er planlagt å få på plass ei løysing slik at me kan søkja om tippemidlar innan 15 januar 2020.
Idrettslaget er representerte i styret i Stordalen Skisenter AS. For tida har me to representantar. På styremøte i haust vart idrettslaget bede om å starta prosessen med planlegging av nytt servicebygg i skisenteret. Idrettslaget har sett ned ei gruppe som skal arbeida med ei teknisk og økonomisk løysing slik at me kan søkja spelemidlar i neste søknadsomgang, 15 Januar 2020.
Ein stor takk til alle som har vore med som trenarar, funksjonærar og deltakarar på alle aktivitetane me har hatt i 2018.
Årsmelding Fjelltrimmen 2018
Fjelltrimgruppa 2018 har bestått av: Beate I. Matre, Ivar Helge Matre, Bente K. Håvåg, Bjørn-Åge Vågseth og Lillian Matre.
Antall registreringar i 2018 var 2970, litt nedgang fra året før (da var det registrert 3107). Me hadde ein knallfin vår og sommar, men hausten var dårleg, mykje regn og surt ver, gjorte at det vart litt færre registreringar enn vanleg i august/september. Den varme sommaren hindra ikkje folk i å ta turen på fjellpostar.
Posten med flest registreringar var Nåva på Haugsvær (357). Mange registreringar var det også på Litlefjellet (254), Fjellet (252), Stordalsvarden (213), Hyttemarka (211) og Stegane (210).
12 damer, 11 menn, 9 gutar og 8 jenter har klart premiekravet. Totalt 40 stk (samme som i fjor), der 10 har gått heile runden (alle postane). Frode Langhelle har gått heile runden totalt 5 ganger! Alle får ei t-skjorte kvar.
Planen elles i år var å få merka opp litt løyper, da enkelte turer er litt dårleg merka, har fått laga ein del lyseblå merker, men desse har me ikkje fått på plass enda, planen er no å få hengt dei opp der det trengst før fjelltrimmen starter igjen i 2019. Det mangler også ein del skilt der turen starter, så me håper å få laga til der det mangler. Håper dette gjer at det blir lettare for alle å ta turen på fjellpostane.
Haugsdal 29.01.18
Beate I. Matre
Årsmelding fra Svømmegruppen for året 2018
Svømmegruppen har i 2018 bestått av følgende personer:
Leder: Arthur Sjursen
Medlem: Lena M.Torslett
Året 2018 har for svømmegruppen vært et år med god aktivitet og mange badende.
Aktivitet
Svømmegruppen planlegger og driver aktivitetene i bassenget, slik som:
Svøm deg til Kos
All idrett er lagt til bassenget en del ganger i løpet av året
Legger til rette for merketaking, etter oppnådd merke leveres disse ut med en gang.
Setter opp og fordeler vaktliste for offentlig bading
Livredningskurs for ca 70 personer
Det har vært avholdt svømmekurs for voksne, dette har flyktningkonsulenten organisert.
Aktivitets plan for året
Innkjøp, oppgradering og vedlikehold av idrettslagets eiendeler i bassenget
Kontakten med Norges svømmeforbund
Svøm deg til Kos
Resultater:
49 personer deltok
31 personer har ikke gjennomført
Gjennomført:
13 år og yngre 6 personer
14 – 25 ungdom 3 personer
Voksne 9 personer
______________________
Gj.ført 18 personer
Antall meter svømt i kampanjen totalt: 57880 meter
Det var satt opp lokal premiering, de som ble trukket ut her gikk også videre til den nasjonale trekningen.
Trekningen ble foretatt 3.04.2014.
De heldige vinnerne av hver sitt gavekort fra Knarvik senter, pålydende kr 500.- ble:
Til og med 13 år.
Jasper Wrigh
Voksne
Ivar Helge Matre
Premiene deles ut på årsmøtet.
I 2019 er det svøm deg til Albania som er premien en kan vinne, dersom en deltar og kommer i mål.
Merketaking
Det finnes merker i de fleste valører ved bassenget, etter oppnådd merke, deles disse gratis ut til våre medlemmer.
Antall badende:
2018 |
Jan |
Feb |
Mars |
April |
Okt |
Nov |
Des |
|
Sum |
Barn |
204 |
229 |
197 |
173 |
326 |
249 |
223 |
|
1601 |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
voksne |
160 |
144 |
112 |
68 |
118 |
79 |
62 |
|
743 |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
2344 |
Livredningskurs
Svømmegruppen avholdt tre livreddningskurs, 26og 27 november og 5 desember 2018
Det var påmeldt 70 deltakere til kursene i år.
Det var Tryggve Gran fra Team Aid ANS som var veileder på kursene også i år.
Vi har fortsatt opplegget med å ha opplæring i hjertestarter.
I tillegg til kurs for egne medlemmer, er det svømmegruppen som arrangerer livredningskurs også for:
Risnes IL
Brekke IL
Skolene i Masfjorden kommune
Skolene i Gulen kommune
Barnehagene i Masfjorden kommune
Barnehagene i Gulen kommune
Handikap gruppen i Masfjorden kommune
Svømmegruppen og vil takke alle dere som tar livredningskurs og stiller som vakt ved bassenget, tusen takk!
Billettprisene blir uendret i 2019.
Svømmegruppen
Arthur Sjursen og Lena Torslett
Matredal 21. januar 2019
Årsmelding for Skigruppa 2018
Medlemar i skigruppa 2018:
Dina Dyrhovden Leiar
Arne Kvamsdal
William Løland
Bjarte Dyrkolbotn
Ole Håvåg
Erlend Haugsvær
Skirenn:
Snøtilhøva vinteren 2018 var gode. Det kom tidleg snø i lysløypa og sporkjøring var i gang i allereie i november 2017. 27.11.17 la me ut første melding på Facebook om at det var kjørt spor i lysløypa. Det var aktivitet i lysløypa til godt etter påske.
Det var gode snøforhold for skirenn både i lysløypa og i Stordalen skisenter. Skigruppa arrangerte 7 renn i vinter; langrenn i klassisk og fristil i lysløypa, og slalomrenn i skisenteret. Klubbmeistarskap i langrenn vart arrangert i lysløypa på Haukeland, med servering av pølser, saft og kaffi.
Skigruppa arrangerte Telenorkarusell og Klubbmeisterkap slik:
Langrenn:
Dato |
Renntype |
Tal deltakarar |
Merknad |
17.01.18 |
Langrenn klassisk |
42 |
1.renn Telenorkarusell |
31.01.18 |
Langrenn friteknikk |
39 |
2.renn Telenorkarusell |
20.03.18 |
Langrenn klassisk |
18 |
3.renn Telenorkarusell |
08.04.18 |
Langrenn friteknikk |
40 |
Klubbmesterkap |
Premier frå Telenorkarusellen var skoposar. Desse vart delt ut på siste renn.
Slalom:
Dato |
Renntype |
Tal deltakarar |
Merknad |
13.02.18 |
Slalom |
23 |
1.renn Telenorkarusell |
06.03.18 |
Slalom |
20 |
2.renn Telenorkarusell |
13.03.18 |
Slalom |
19 |
3.renn Telenorkarusell/ Klubbmesterkap |
Premier frå Telenorkarusellen var skoposar. Desse vart delt ut på siste renn.
Plan for løypekjøring i lysløypa:
Det var mykje aktivitet i lysløypa vinteren 2018 og det vart etterspurt oftare preparering. Skigruppa har laga plan for løypekøyring. Det er viktig at me legg til rette for aktivitet på ski når det er mogeleg. Me prøver så ofte som mogeleg å preparere når det har snødd. Arbeidet skjer på dugnad og er fordelt på 5 personar.
Det vert køyrt spor i lysløypa slik:
Løypemannskapet :
Den som har kjørt spor:
Sosiale medier:
Skigruppa har etablert ei arbeidgruppe på facebook der me koordinerer arbeidet og utvekslar erfaringar.
Terminliste og resultat vert lagt på Heimesida vår. Informasjon på facebook med lenker til resultat o.l.
Plan for vinteren 2019:
Hausten 2018 planla skigruppa skihelg på Voss 25.-27.01.19. Denne vart avlyst grunna lite påmelding. Det vart gjeve tilbod om deltaking også til idrettslaga i Masfjorden og Gulen. Me prøver til igjen neste år!
Terminliste for vinteren 2019 vert lagt ut når snøen kjem.
Me gler oss!!
Matre 09.01.2019
Dina Dyrhovden, leiar skigruppa