Årsmøte fotballgruppa 11. mars 2019

Fotballgruppa kallar inn til årsmøte i Meland Aktiv 11. mars kl. 19.00.

Møtet blir halde i Speilsalen i Meland Aktiv, og startar klokka 19.00.

Alle forslag som skal handsamast på årsmøtet av klubbens medlemmar må vere levert på klubbkontoret eller sendt i posten innen 4. mars.

Innkomne saker til fotballgruppa sendast til: fotball@kvernbit.no eller IL Kvernbit, Fosseskarvegen 4, 5918 FREKHAUG

DAGSORDEN FOR ÅRSMØTET I FOTBALLGRUPPA:

1. Val av møtedirigent.
2. Val av møtereferent.
3. Godkjenning av årsmøteinnkalling.
4. Godkjenning av dagsorden.
5. Handsame årsmeldinga til gruppa, som seinare skal godkjennast av årsmøtet i hovudlaget
6. Handsame rekneskap til gruppa i revidert stand.
7. Handsame innkomne forslag.

8. Handsame gruppa sitt budsjett. Gruppestyret utarbeider budsjett for komande år, og legg dette fram for gruppa sitt årsmøte. Gruppebudsjettet skal endeleg godkjennast av årsmøtet i hovudlaget.

9. Val

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift