Kontingent og treningsavgift 2019

Idrettslaget har no fakturert aktive fotball. Du finn meir informasjon her.

KONTINGENT OG TRENINGSAVGIFT 2019

Det er no sendt ut faktura på kontingent og treningsavgift for alle aktive spelarar i 2019. Du skal ha fått e-post med varsel om betaling, men har du ikkje fått denne så sjekk spam filter. Spesielt dei med hotmail og jobb adresser har vi erfaring med at dei vert stoppa der. 

Du finn fakturaen ved å gå inn på Min Idrett og betalar med bankkort. Du kan også laste ned appen Min Idrett og betale via den. Då har du også medlemskort lett tilgjengeleg når du skal handle på InterSport Fosnavåg. 

I 2019 har Tjørvåg IL fått ny draktleverandør som er Puma. Vi kjem med meir info om klubbkolleksjonen som er inklusiv når denne er klar.

Har du ikkje motteke fakturaen for deg eller ditt/dine born, eller det er feil, så ta kontakt med Jan Olaf Hareide

 

MEDLEMSKONTINGENT TJØRVÅG IDRETTSLAG 2019 SER SLIK UT:

Alle må vere registrerte i MIN IDRETT og alle aktive må betale både kontingent og treningsavgift.

Kontigent

Kontingent aktiv kr. 500,-

Kontingent støtte søsken/foreldre/føresette til aktiv kr. 100,-

Kontingent støtte kr. 200,-

Kontingent trim kr. 200,-

Treningsavgift fotball

A-lag kr. 1500,-

Ungdomslaga 13-19 år kr. 1000,-

Barnelaga 5-12 år kr. 600,-

Døme:

Spelar i barneklassene: 500 kr + 600 kr = 1100 kr

Spelar i ungdomsklasse: 500 kr + 1000 kr = 1500 kr

Spelar på seniorlag: 500 kr + 1500 kr = 2000 kr

 

 

Sponsorar

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Grasrotandelen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift