Fellestrening 9 og 10 februar

Landevei-sykling rundt øya laurdagar og søndagar klokka 09.00. Normalt i roleg tempo på 26-28 km/t (som tilsvarar 2 timar og 15 minuttar til 2 timar og vel 30 minuttar), kan variere med vèr og forhold.

Laurdag 9. var Harald E., Truls, Kjell og Knut på fellestur. Veret var bra, og det gjekk roleg og fint. Kjell hadde eit skikkeleg drag for å nå oss andre, slik er det når me søv langt ut over føremiddagen. Harald var sprek, og drog på oss andre frå Sandvikvåg.

Søndag 10. var det «me over 60»-tur, med Harald E, Per Magne og Knut i aksjon. Ungdomen hadde nok andre ting på tapetet.

To fine turar i helga. Veret er bra når me kjem oss ut!

REF: Knut

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift