Dugnadslister til turnbasaren

Stil Turn inviterer til den tradisjonelle Turnbasaren i Firdahallen laurdag 30 mars.

 

Last ned dugnadslista her

Å arrangere basar er eit stort arrangement, og dei fleste familiar med turnarar må rekne med å få tildelt dugnadsoppgåver. Vi ber om at de sjekker dugnadslista og noterer deg dine oppgåver. Om de skulle vere forhindra i å bidra, må de sjølve finne ein erstattar til dine oppgåver, og kontaktpersonane nederst på dugnadslista må få beskjed om byttet. 

Tysdag26. mars skal mange turnarar frå STIL rundt for å selge lodd til hovudlotteriet ved dørene!  Frå kl 17 og utover denne ettermiddagen kan du vente deg besøk. Vi håpar de tek godt i mot turnarane våre, og set sjølvsagt stor pris på om de vil støtte oss og arbeidet som vert lagt ned i Turngruppa ved å kjøpe lodd!

Laurdag startar vi med defilering kl 15.00, og  basaren starter ca kl 15.30

Velkommen til basar i Firdahallen! Vi garanterer flotte oppvisningar og finfine basargevinstar!


©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift