STIL turn sine nye drakter

Vår «gamle» turndrakt er gått ut av produksjon, og turngruppa har brukt ein del tid på å finne fram til gode erstatningar både for gutane og jentene! No har vi omsider funne fram til nye drakter, og vi er stolte over å kunne presentere STIL-turn sitt «nye utrykk»

Vi vil fyrst av alt presisere at turnarar som allereie har den gamle jentedrakta vår treng ikkje å kjøpe ny. Den kan fint brukast under oppvisingane våre, både basar og barneturnstemne. Det same gjeld gutane – som framleis kan bruke kvit STIL t-skjorte og blå shorts!!

Dei nye draktene

Jentedrakt

Vi har valt ei drakt i same fargetonar som den gamle.  Drakta er levert av turndraktlevrandøren TT gymnastics, og drakta er ny i deira sortiment, og derfor håpar vi at denne varer i mange år framover. Drakta har marineblå base i glatt velur med glittersteinar og paljettar, og ermer i turkis metallic wetlook-stoff. Til drakta har vi valt ut ein matchande leggings. På nettsida til leverandøren heiter drakta K719 og leggings K754MA.  NB! Drakta er liten i størrelsen så vi anbefalar å gå opp ein størrelse.

Guttedrakt

Her har vi valt ut ei stilig trøye med lang arm og i blå fargetonar. Polyesterkvalitet, med ergonomisk design og god stretch. Med matchande blå shorts. På trøya skal STIL-logoen trykkast på. Drakta er av merke Craft, og vi har forhandla denne gjennom REPIX på Reed.

Guttedrakt ungdomstropp

Ensfarga marineblå langerma trøye og kvit shorts. I polyesterkvalitet. På trøya skal STIL-logoen trykkast på. Drakta er av merke Craft, og vi har forhandla denne gjennom REPIX på Reed.

Korleis får vi tak i drakter?

Styret i STIL turn har bestemt at vi i fyrste omgang kjøper inn eit stort lager av drakter som vi sel vidare til dokke. Vi har allereie bestilt inn eit stort antal både gutte- og jentedrakter i mange ulike størrelsar, og vi ventar å få dei levert i starten av mars. 

"Pop-up-store"

Laurdag 16 mars rigger vi opp butikk i STIL-stova mellom kl 11-13. Her stiller med alle draktene, slik at de kan komme innom og sjå og kjøpe direkte. 

Tysdag 26. mars er det loddselgar-dugnad for turnbasaren. Styret blir å treffe i STIL-stova frå kl 17 og utover kvelden til kl 21, og det blir mulig å kjøpe drakter også denne kvelden. 

Betaling med vipps eller kontant. 

Prisar

Jenter

 

Jentedrakt str 128-164  

Kr 500

Jentedrakt str S-XL

Kr 535

Leggings str 128-164

Kr 215

Leggings str S-XL

Kr 250

Hårstrikk

Kr 30

 

 

Gutar

 

Trøye med lang arm str 122-164

Kr 360

Trøye med lang arm str XS-M

Kr 460

Shorts, blå str 122-164

Kr 200

Shorts, blå str XS-M

Kr 280

 

 

Gutar i ungdomstroppen

 

Trøye med lang arm, marine S-M

Kr 360

Shorts, Kvit str XS-L

Kr 280

 


©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift