Gull i dobbel i veteran-NM

Ove Fonn og Frank Tangen fra Kvam Bowlingklubb vant gull i klasse HB under veteran-NM på Heimdal i Trondheim! Randi Hansen (Askøy BK), Stefan Palmèr (Mascot BK), Fred Larsson (Stord BK) og Ove Fonn (Kvam BK) spilte seg alle PP-finale i sin klasse i single. Stefan klarte 5. plass i sin klasse, de andre tok 6.plass i sine klasser til slutt.

Rapport fra Veteran NM sgl/dbl skrevet av Frank Tangen:

Gull i dobbel i veteran-NM
Utskriftsvenleg side Lagt ut 17. februar 2019 kl. 17:48 av Frank Tangen
Ove Fonn og Frank Tangen vann gull i klasse HB under veteran-NM på Heimdal i Trondheim denne helga. Veteranane frå Kvam bowlingklubb spelte nesten så jamt som det er mogeleg på sine seks seriar som var teljande for dobbelkonkurransen. 1250 pinnar på Frank og 1252 pinnar på Ove pluss 12 pinnar i alderstillegg på Ove. Totalt vart det 2514 pinnar på duoen, noko som heldt til gull.
Gull i dobbel i veteran-NM Begge spelarane kom også vidare til semifinalen i singel. Der spelte Frank i klasse B (58-64 år) medan Ove er i klasse C (65+). Semifinalane (20 deltakarar i kvar klasse) vart spelt laurdag kl. 13. Dei seks beste i kvar klasse gjekk vidare til PP-finale sundag.

Underteikna fann ikkje ut av det og vert tilskodar i finalen, men Ove spelte like bra i semifinalen som i dei innleiande seriane og var dermed klar for finalespel i klasse C sundag kl. 10.

Ove opna sterkt i første av dei fem PP-finalekampane. 224 i rein score gav siger i kampen pluss 200-bonus og dermed 25 ekstra poeng. Så etter første runde hadde Ove klatra opp på 2. plass. Pinnefallet frå innleiand og semifinalen vart med inn i finalespelet. Men i andre og tredje kampen sleit Ove med å få strike og tapa begge desse kampane. I den fjerde kampen møtte Ove Roar Haugan og klarte å slå Haugan med ein pinne. Diverre hadde Ove mindre hcp enn Roar og fekk heller ikkje no med seg bonusen på 20 pinnar.

I siste kampen var det Owe Hermann som var motstandar. Igjen vann Ove med ein pinne, men måtte likevel dele sigersbonusen då den andre Owe'n hadde ein pinne meir i hcp. Det gjorde faktisk at Owe Hermann sikra seg gullmedaljen på deling med Rolf Arne Rønning medan vår Ove enda på 6. plass.

Men totalt sett eit kjempeflott NM for våre to seniorar med gull i dobbel, 16. plass på Frank og 6. plass på Ove i singel.


Litt moro med statistikk
Før NM la eg ut ei liste i klassane B og C sortert etter NBF si rankingliste. Litt artig no i etterkant å sjekka kor mange av dei på topp som faktisk kom til semifinalen.
  • I klasse B var det 11 stk av dei som låg inne på topp 20 på rankinglista som kom seg til semifinalen.
    Tek me med dei 30 beste på rankinglista så har me fyllt opp 16 av dei 20 semifinaleplassane.
  • I klasse C var det nesten identisk. Der var det 12 av dei 20 beste frå rankingen som kom seg til semifinalen. Og 16 stk av dei 30 beste frå rankinglista.

Dette skulle indikera at rankingsystemet til NBF fungerer bra og at dei fleste spelar som forventa.



Epost: frank.tangen@epost.kvam.no
Lenke: https://www.bowlingres.no/turneringer/2019/nm_veteran_sgldbl_2019/resultater/?ResKlasseFilter=HB&Report=Double&Puljesegment=11623
©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift