Årsmøte turngruppa 13. mars kl 20

Det er den tida av året, og status skal gjerast opp for økonomisk tilstand, aktivitet og planar i turngruppa. Dugnadsinnsatsen i styret skal og fordelast på nye krefter, så her er det høve til å hjelpe til!

ÅRSMØTE I STIL TURN

Onsdag 13. mars 2019 kl. 20.00

STILStova

Vanlege årsmøtesaker med godkjenning av rekneskap, budsjett og val.

Frist for å melde inn saker til årsmøtet er onsdag 6.mars  og sendast til turngruppa.stil@gmail.com.

Kontakt valnemnda (Kjetil Lyngstad og Veronica Kvandal Gjelsten) dersom du ynskjer å hjelpe til med drifta av turngruppa..

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift