Fitjar IL har bursdag!

70 års dag

Heile 70 år har gått sidan Fitjar IL vart stifta, me kan sjå tilbake på mykje svette, tårer, idrettsglede og knyting av vennskap.

Visjonen vår "idrett for alle" står like sterkt den dag i dag som då det vart stifta. Me gledar oss til 70 nye år med fysisk aktivitet og sosialt samvær!

Som "prikk" over i'en har me mykje og glede oss til i 2019, det kan blant anna nevnast:

  • Nytt og ettertrakta lysanlegg ved Fitjar kunstgrasbane (arbeidet her er i gang)
  • Utbytte av kunstgras, omfattande prosess som er planlagt gjennomført til sommaren, dette har vore høgt fokus på i seinare tid grunna alder og slitasje
  • 2stk lyskastere ved Fitjar Idrettspark (friidrettsarena)

Takk til alle eldsjelar, dugnadsånder, trenarar, lagledarar, oppmenn, leiarar og alle ellers som har vore med og bidratt til at Fitjar IL er det det er i dag, ein breddeidrettsklubb med eit aktivt og godt tilbud til alle barn og ungdom/vaksne. Saman er me sterkast.

Retter og ein stor takk til alle sponsorar/samarbeidspartnarar som gjer det mogleg og drive idrett. 


 

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift