SPU- trening

Fredag 22. mars kl. 17 startar FSK med SPU (Spelarutvikling) for born i aldersgruppa 2006-2012. Denne treninga er for dei som ynskjer å trena meir fotball og som ynskjer å læra litt ekstra.

Fredag 22. mars kl. 17 startar FSK med SPU (Spelarutvikling) for born i aldersgruppa 2006-2012. Denne treninga er for dei som ynskjer å trena meir fotball og som ynskjer å læra litt ekstra.

 

Treninga er for alle born som spelar fotball i Finnås Sportsklubb. Det er ikkje nokon krav til nivå for å vera med. Treningane vil i så stor grad som mogleg bli tilpassa den einskilde og ta utgangspunkt i øvingar alle kan få til med innsats og eigentrening. Det er derimot eit ynskje om at borna som deltar er motiverte for treninga og respekterer at dette skal vera ein læringsarena.

 

Treningane vil stor grad fokusera på individuelle ferdighetar. Første trening vil eksempelvis ha temaet koordinasjon/teknikk. Etter kvart vil me vera innom øvingar innanfor blant anna dribling, pasning/mottak, skot og 1 mot 1. Det vil også nyttast videoanalyse for å illustrera øvingar.

 

Klubben håpar og trur at dette kan vera eit positivt tiltak for dei av borna som ynskjer å trena litt ekstra. Basert på antal born som deltek vil ein kome tilbake til kor ofte det vil verta SPU-treningar.

 

Har du spørsmål kan du ta kontakt med:

 

Glenn Larsen: 911 03 557

Hallgeir Myhre: 916 43 248

 

Med venleg helsing

 

Finnås Sportsklubb

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift