Opent basseng på Rossland skule - vil du vere livredningsvakt?

NHIL ønskjer i samarbeid med Meland kommune å opne bassenget på Rossland skule éin kveld i veka. For å kunne få på plass eit slikt tilbod er me avhengig av frivillige som kan vere livredningsvakt. Les meir her.

Opent basseng på Rossland skule – vil du vere livredningsvakt?
Nordre Holsnøy IL ønskjer i samarbeid med Meland kommune å opne bassenget på Rossland skule for innbyggjarane i kommunen éin kveld i veka frå kl. 17.30-20.00. Dette er eit etterlengta tilbod som me vonar vil kome fellesskapet til gode. I ein kommune langs kysten er gode symjeferdigheitar viktig. Symjing er også ei veldig god treningsform og dermed positivt for folkehelsa. For å kunne få på plass eit slikt tilbod er me avhengig av frivillige som kan vere livredningsvakt. I første omgang treng me 8-10 personar som er interessert.

Kva vil det seie å vere livredningsvakt?
- Du må ha/ta livredningskurs.
- Du stiller som livredningsvakt ca. ein gong i månaden når bassenget er opent (april, mai, september, oktober, november, januar, februar, mars). Det vert lagt opp til at det er to stykk som skal vere vakt saman.

Kvifor skal du vere livredningsvakt?
- Nordre Holsnøy IL og Meland kommune gjer deg tilbod om eit gratis livredningskurs.
- Du får bli medlem i Nordre Holsnøy IL til rabattert pris (om du allereie er medlem vil du få same rabatterte prisen).
- Du får ein NHIL treningsoverdel.  
- Du får tilgang til NHIL sitt trimrom i klubbhuset i Leirdalen.

Første kurs vert arrangert i bassenget på Rossland skule onsdag 3.april kl. 18. Kurset varar i 2-3 timar. Om me får nok påmeldte som ønskjer å vere livredningsvakt kan me starte tilbodet om ope basseng allereie veka etter.

Ta kontakt med Anders Olav Dale på e-post styret.nhil@gmail.com el. mobil 46 44 87 11 dersom du vil vere livredningsvakt og ønskjer å stille på kurs.


Med helsing

Nina Randal                          Eirik Utne                   Anders Olav Dale

Dagleg leiar                          Kultursjef                    Styreleiar
Meland frivilligsentral           Meland kommune       Nordre Holsnøy IL

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift