FKH Samarbeid

Til trenarar/kontaktpersonar i barne- og ungdomsfotballen i Trott. 1. april kl 17:00 i Prestegardsskogen.

Hei trenarar/kontaktpersonar i barne- og ungdomsfotballen i Trott

Me har gleda av å invitere til ein ny fotballfagleg samling med FKH, der dei ønskjer å følgje opp samlinga i haust.

Målgruppa er trenarar, men andre interesserte er sjølvsagt hjarteleg velkomne – det hadde vore kjekt om flest mogleg ville komme.

Vedlagt er info om innhald, og ein innbyding. Som de ser av innbydinga er målgruppa først og fremst trenarar for aldersgruppa 8-12 år, men me tenkjer at alle trenarar i barne- og ungdomsfotballen vil ha nytte av dette. Nyttig for å få tips som ein kan ta med seg på feltet, samstundes som det er interessant å få kunnskap om korleis profesjonelle klubbar jobbar med spelarutvikling.

Trur dette kan bli riktig bra, og eit fint høve til å møtas på tvers av laga, og samtidig få fagleg påfyll frå eit profesjonelt ”system”.

Følg oss!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift