Informasjon og henting av utstyrspakke InterSport Fosnavåg

Det er no klart for å hente årets kolleksjon. Ber om at spelarar/foreldre og dei som har verv les info her.

Informasjon om henting av utstyrspakke InterSport Fosnavåg

I år er det ny draktleverandør, PUMA. Bukse og Zip er inkludert for dei som er aktiv fotball. For å hente ut denne må du ha betalt kontingent / treningsavgift og framvise gyldig medlemskort for 2019.

Alle som har betalt finn medlemskortet på MIN IDRETT, enten via nettsida eller appen.

Vi har sendt liste til InterSport på dei ulike laga og dei sjekkar opp mot gyldig medlemskort fotball for 2019. Står du ikkje på lista ta kontakt med Tjørvåg IL, Åsmund eller Jan Olaf.

Verv, trenarar og lagleiarar

For dei som har verv i IL vil der ligge ei eiga liste. Står du ikkje på lista ta kontakt med Åsmund.  

Du finn medlemskort på 2 måtar:  

MIN IDRETT APP

Last ned MIN IDRETT som app.  Medlemskort ligg i appen som du kan vise til butikken

WEB

Logg deg inn på Min Idrett. Har du gløymt brukarnamn/passord kan du be om å få tilsendt nytt. Medlemskort ligg under Medlemskap. Dette lastar du ned og enten lagrar på telefonen eller printar og teke med.

Spørsmål angåande medlemskort? Ta kontakt med Elin Hundsnes elin@tussa.com eller  mobil 91852534

Sponsorar

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Grasrotandelen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift