Fleirbrukshall Vassenden

Informasjonsmøte 04.04 2019

Torsdag kveld var det kalla inn til informasjonsmøte om fleirbrukshall på Vassenden. Omlag 100 oppmøtte, fekk brei orientering om prosjektet.

  • Leiar i Jølster Idrettslag orienterte om korleis prosjektet kom igang og idrettslaget si rolle har vore i prosjektet
  • Leiar i arbeidsgruppa for fleirbrukshall på Vassenden, Kjell Navelsaker, la fram skisser over hallen og plassering. Han gjekk også gjennom prosjektet slik det no ligg føre. Etter anbodsrunden kom det inn 4 tilbod og ein har valt å gå vidare med tilbodet frå Markhus AS. Ein legg opp til å gjennomføre forhandlingar med tilbydar i april/mai og anleggsstart i juni. Ferdigstilling seinast juni 2020.
  • Ordførar Oddmund Klakegg orienterte litt om den politiske prosessen og om den økonomiske stoda.
    For meir detaljar, sjå vedlagt illustrasjon.

Illustrasjon fleirbrukshall Vassenden

Facebook

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift