Bossdunk på Pemarka, Djupvikvatnet

Trimgruppa er opptatt av at vi skal halde naturen rein. Herøy Kommune har no sett opp bossdunk. Du kan lese meir her

For ei tid tilbake tok Trimgruppa kontakt med Herøy Kommune for å få opp bossdunk ved Djupvikvatnet. Vi har fleire merka ruter frå Djupvikvatet og området er mykje nytta til turføremål. Diverre er ikkje alle er like flinke å ta med bosset sitt heim.  Pemarka vert nytta av både av private og til arrangement, og heller ikkje her er alle like flinke å rydde opp etter seg.

Den fyrste bossdunken kom på plass i fjor ved parkeringa der Forsamlingshuset stod. Diverre vart ikkje denne nytta for dei som brukar Pemakra. Vi tok på nytt kontakt med Herøy Kommuna om dei kunne ordne ein dunk her også? Vi tok sjølvsagt kontakt med grunneigar på førehand. Herøy Kommune var positive til dette og idag kom bossunken på plass. 

Vi håper at dunken kjeme til nytte og at vi heretter kan sjå det ryddig og reint rundt Djupvikvatet. I desse miljøtider med mykje boss og plast i naturen kan vi alle gjere ein innsats. 

Herøy Kommune har eit prosjekt på gong som heiter Utsikten der Edvin Pettersen er prosjektleiar. Der har dei bl.a laga desse dunkane som no vert sett ut ulike stadar i kommuna. Du kan lese meir om eit av desse prosjekta her:  https://www.heroy.kommune.no/aktuelt/ein-briljant-ide.70568.aspx

Det er Herøy Kommune som har ansvar for å tømme desse.

 

Foto Edvin Pettersen

Sponsorar

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Grasrotandelen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift